Austefjord Museum

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Årsetøysamlingane»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Holsvik notlag i fiske på Follabugen ca. 1910
Årsetøya 1963
Foto: Widerøe's Flyveselskap

Austefjord Museum, Årsetøysamlingane, er bygdemuseum i Austefjorden i Volda kommune. Museet held til i eige brannsikkert bygg ved sørenden av Austefjord skule.

Grunnstamma i museet er dei natur- og kulturhistoriske samlingane som brødrene Andreas Årsetøy 1902 - 1981 og Knut Årsetøy 1904 - 2001 bygde opp på den vesle Årsetøya ute i sjølve Austefjorden. Det vart samla gjenstandar i naturleg storleik og frå kunstnaren Andreas si hand vaks modellsamlinga om gjeremål på sjø og land fram.

Samlingane fortel om livet på land i fjordbygdene og om tilleggsinntekta som vart henta på sjøen frå fjøresteinane heime og til flytande iskant ved begge polpunkta. Tidsromet er frå før 1900 til 1960.

Kontakta med den sunnmørske museumsverda er partnarskap med Volda Bygdetun som er del av Stiftinga Sunnmøre Museum. (Den sunnmørske museumsverda lever i mai 2021 i fri flyt mellom knallsterke adminastrasjonsnivå kalla konsolidering. Museumsdrift i perifere område lever i ei vond tid].

Austefjord Museumslag eig samlingane, er venneforeining og driv vedlikehald og omvising i Austefjord Museum. Laget er lite og har dermed begrensa ressursar. Det er ikkje faste opningstider.

Austefjord Museumslag si historie byrja i 1971. Då lanserte Austefjord Bondekvinnelag v/leiar Anna Gjersdal (seinare Austefjord Bygdekvinnelag) ideen om å etablere eit museum med eige museumsbygg for å ta vare på livsverket til tusenkunstnarane på Årsetøya. 1972 vart laget etablert med Asbjørn Hustadnes som leiar.

Museet fekk løyve til å føre opp eit bygg i tilknyting til Austefjord skule. I 1977 starta byggearbeidet, i stor grad på dugnad, og i august 1978 vart museet førebels opna. Dugnadsmodellen for å gjenomføre oppgåva heiter i dag offentleg-privat-samarbeid: Volda kommune eig tomta og held VVS. Kommuna tok på seg utvendig vedlikehald og forsikring av bygg utvendig. Hovedfinansiering ved byggestart 1977 var Norsk Kulturfond, driftsmidlar frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Museums-Noreg har vore i kontinuerleg endring - diverse stiftingar for drift blir breide over skuldrane og krev makt - dugnadsinnsatsen blir ikkje verdsett, vedlikehaldskompetansen og historia blir borte - museums-kultur-Noreg slit dessverre med sin velformulerte administrasjon utan samarbeidsevner. Kommunesamanslåing og lokal skulenedlegging er og nyleg gjenomført. Kven eig kva ? Korleis overleve for å formidle lokalhistoria ? Pr. mai 2021. Hjelp !!!

Museet vart bygd som ei eiga branncelle. Fullskala branntest kom i 2005 då det eldste skulebygget vart totalskadd i brann.

Austefjord Museumslag/Austefjord Museum arbeider jamt og trutt med innsamling av eldre foto, film og skriftleg materiale som er til nytte for området si historie.

Kjelder og lenkjer


Ekset, Møre og Romsdal - Riksantikvaren-T314 01 0069.jpg Austefjord Museum er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.

Koordinater: 62.06514° N 6.31539° Ø