Ivar Kleiven

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ivar Kleiven. Frå Årbok for Gudbrandsdalen 1954. Fotograf ukjent.

Ivar Kleiven (fødd i Vågå 10. juli 1854, død same stad 19. februar 1934) var bygdebokforfattar, folkeminnesamlar, folkeopplysningsmann, målmann, politikar, turistvert og gardbrukar. Med sine bygdebøker frå Gudbrandsdalen blir han rekna som ein av dei fremste pionerane innan denne sjangeren, ofte nemnd jamsides Lorens Berg og Jacob Aaland i denne samanhengen. Mykje i likskap med desse to var Kleiven på ei og same tid politisk radikal og tradisjonsdyrkar.

Familie og livsløp

Brit Kleiven (1824-1916), mor til Ivar. Biletet er henta frå I. Kleiven: I Heimegrendi, Vågå historielag 1949. Fotograf ukjent.

Kleiven var fødd og oppvaksen på ein mindre gard i Vågå, Søre KleiviLalm. Faren Jakob Ivarsson (1803-1884) var yngre son på ein av dei større gardane i bygda (Snerle). Jakob hadde gifta seg og teke til som gardbrukar på Søre Kleivi i femtiårsalderen, om lag på den tida Ivar vart fødd. Før det hadde han livnært seg på ymse vis, mellom anna som fehandlar, jeger og fiskar. Mor til Ivar, Brit Knutsdotter (1824-1916), kom frå husmannsplassen Svarvarhaugen. Jakob og Brit gifta seg ikkje før eit par års tid etter at Ivar var fødd. Han var eldst i syskenflokken, og fekk ei syster og tre brør som vaks opp (eit tvillingpar døydde ved fødselen). Ivar levde ugift livet ut.

Han byrja på skulen det siste året det var omgangsskule der. Frå hausten 1861 var det fastskule i grenda. Vinteren 1878-1879 gjekk Ivar på skule hjå Christian HorneBlessom i Vågå. Som 31-åring fekk han eit år som elev ved Viggo Ullmanns folkehøgskule i Seljord vinteren 1885-1886. Ut over dette må Ivar Kleiven seiast å ha vore sjølvlærd.

Som vaksen fell Ivar Kleivens livsløp i tre etter måten klårt skilde bolkar. 1) Fram til 1899 budde han heime på garden og hadde arbeidet sitt der, frå 1884 som eigar og brukar. 2) I 1899 overlet han garden til broren Hans, som nyss var komen heim att frå Amerika. Sjølv flytta Ivar og mor deira på permanent basis opp til Kleivsetra i Bønslia i Vågåfjellet. Fram til ca. 1910 livnærde han seg som turistvert der, ei verksemd som han og mora hadde drive så smått med om somrane alt frå tidleg i 1890-åra. 3) Etter 1910 kunne så Kleiven i den siste livsløpsbolken ofre seg fullt og heilt for det lokalhistoriske arbeidet og forfattarskapet han har vorte mest kjend for. Det vart mogleg mellom anna ved hjelp av statstilskot som han fekk frå 1908, og som snart vart ei fast årleg yting.

Samfunnsengasjementet

Sygard Snerle. Far til Ivar var yngre son på denne garden. I litteraturen om Ivar Kleiven blir det gjerne framhalde at han hadde farsslekt frå Snerle, Bjørnstad, Sandbu og andre gode gardar i Vågå. Martinus Høgåsen (1954) vil jamvel ha det til at Ivar-namnet er nedervd frå lendmannen Ivar gjeslingSandbu, kjend frå soga om kong Sverre. Mor til Ivar Kleiven kom derimot frå ein husmannsplass, og den ulike sosiale bakgrunnen til foreldra kan sjølvsagt ha gjort sitt til å forme Ivar Kleivens haldningar til samfunn og kultur. Biletet er henta frå Årbok for Gudbrandsdalen 1954. Fotograf ukjent.

Frå ungdomen av og alt medan han var gardbrukar på Søre Kleivi, var Ivar Kleiven sterkt engasjert i folkeopplysingsarbeid, i politikk og anna offentleg verksemd. Han las mykje og skreiv ein del småstykke i aviser og blad som til dømes Fedraheimen og i ymse barneblad, seinare mellom anna i Syn og Segn og Gudbrandsdølen.

I 1884 stifta Kleiven «Lalms og Otdalens Samtalelag», der medlemmene ved foredrag, opplesing, diskusjonar og skriving av lagsavis skulle belyse slike ting som «vedkjem det åndelege liv eller det daglege yrket». Samtalelaget vart i 1894 omskipa til Lalm ungdomslag, og gjekk dermed inn som ein del av den frilynde ungdomsrørsla. Kleiven var sjølv aktiv i denne rørsla opp i godt vaksen alder, mellom anna som formann i Gudbrandsdalens ungdomslag 1899-1902 og som styremedlem i Noregs Ungdomslag 1899-1900.

I 1886, etter opphaldet i Seljord, starta Kleiven ein kveldsskule med tilbod til ungdom som ville ha noko meir enn folkeskulen. Det tok til med ti gutar og ti jenter. Undervisninga foregjekk laurdag og sundag kveld mellom klokka 18 og 22. Undervisningsidealet hans tykkjest ha vore jordnært og sekulært. Iallfall uttrykte han sjølv om dette i eit brev: «Fa’n og romantikken skal ikkje inn i min skule». Han la vekt på norsk, helselære, historie, song, bokføring og gardsrekneskap[1]

Kleiven var med og skipa venstrelag i Vågå. Frå 1888 til 1905 sat han i heradsstyret, og var formann i skulestyret frå 1892. I perioden 1900-1903 var han varamann til Stortinget frå Venstre.

Ivar Kleiven skipa ei lokal arbeidarforeining på Lalm. I 1885 hadde laget 46 registrerte medlemmer. Vi kjenner ikkje til kor lenge laget eksisterte.[2] Det dreiar seg nok om ei ikkje-sosialistisk, filantropisk foreining av den typen som oftast venstrefolk sette i gang på den tida. Vågå mållag (i dag kalla Mållaget Ivar Kleiven) reknar også Kleiven som sin grunnleggjar. Han var også formann i skyttarlaget på heimstaden sin.

I sitt samfunnsengasjement kan Kleiven karakteriserast som ein sosialt innstilt demokrat som frå 1880-åra gjekk inn for ålmenn røysterett (derunder kvinneleg røysterett) og avvikling av husmannsvesenet. Med omsyn til det siste, så var det ei sak som på fleire vis kom han nært inn på livet. Mor hans kom frå ein husmannsfamilie. Og enda om Søre Kleivi var ein liten eller etter lokale tilhøve medels stor gard, låg det heile åtte eller ni husmannsplassar under han. Av folketeljinga 1900 går det fram at iallfall fem av plassane har Ivar Kleiven hatt i behald den tida han sjølv dreiv som gardbrukar.[3]

Elles kan ein konstatere at Kleiven var fritenkjande i religiøse saker og ein ivrig talsmann for opplysning og modernisering innan jordbruk og skulestell og i det vi i dag kallar sosialsektoren.

Halvard Grude Forfang framhevar som Kleivens inspiratorar namn som Holberg, Wergeland, Grundtvig, Eilert Sundt, Charles Darwin, Herbert Spencer, Auguste Comte og Arne Garborg. Kleiven var personleg ven av Arne og Hulda Garborg, og via Viggo Ullmann og Garborg vart han influert av georgismen. Med sin «ullmannske grundtvigianisme» kom Kleiven i opposisjon til Christopher Bruun og «Vonheimkarane», som Kleiven meinte var bakstreverske i sosiale og politiske spørsmål.

Kleiven tyktest vere ganske nøgd med det biletet han meinte å ha skapt av seg sjølv blant dølske og andre bakstrevarar, nemleg som «eit beist som er europear og realist og radikal og ullmannsk, skriv om trongsyn og bakevje, oftedalspolitikk og vestlandsk kristendom og om trongsyn i Gausdal». Han uttrykkjer dette i eit privat brev.[4] Pietisme var blant dei fenomena han stundom fall for freistinga til å agitere direkte mot i sine historiske framstillingar. Og han harselerte over livsfjerne romantikarar som såg kulturelt forfall og elende i ein moderne separator på ein seterstul. I 1890-åra hadde han planar om å gjere Lalm ungdomslags hektograferte avis Lalmingen til eit trykt månadsblad for eit større publikum. Der skulle han agitere for «maalsak, kvinnesak, mot uskikkar, for betre moral, for friheit, likheit og brorskap».[5]

Om ideala, radikalismen og framstegsorienteringa stod uskipla ved lag etter at han gav seg ut av politikken frå fyrst på 1900-talet, er noko uvisst. Det er berrsynt at han var skeptisk til mykje nymotens som mellom anna kom med turismen, og som han meinte var «uekte» og tente til å undergrave den tradisjonelle og i hans augo bevaringsverdige bondekulturen. Og han var motstandar av sosialisme og fagforeiningsverksemd slik det blant anna ytra seg ved ein streik blant jernbanearbeidarane på bana Otta-Dombås i 1912.[6]

Verk og betydning

Tittelbladet i Lom og Skjaak, 1915, fyrste band av Gamal bondekultur i Gudbrandsdalen.

Den fyrste boka Ivar Kleiven fekk gjeve ut, kom i 1894. Det var Segner fraa Vaagaa, skriven på dialekt med lydskrift. Ein god del av stoffet her inngjekk i den neste boka I gamle Daagaa, ei samling folkeminne og kulturhistoriske artiklar som kom i 1907. Han rekna denne boka som fyrste bandet i eit større planlagt bygdebokverk om heimbygda.

Gudbrandsdalens Historielag hedra Kleiven med storslagen fest
Foto: Avisa Gudbrandsdølen 19.06. 1924.

Som lokalhistorikar er det samleverket Gamal bondekultur i Gudbrandsdalen som ruver hjå Kleiven. Verket består av separate band for dei fleste Gudbrandsdalsbygdene: Lom og Skjaak (1915), Lesja og Dovre (1921), Østre og Vestre Gausdal (1928), Ringbu (1928) og Fronsbygdin (1930). Han var eit godt stykke på veg med materiale frå Øyer og Fåberg da han døydde.

I føreordet til I gamle Daagaa skisserer Kleiven ein mal som han tenkjer seg bygdeboka utført etter. Den fell i tre delar, dels basert på innhald, dels på type kjeldemateriale:

  1. Ei skildring av bygda frå dei eldste tider til midten av 1800-talet. Det skulle opplyse om i prinsippet alle sider ved bondelivet og utviklinga i det store og heile. Det framgår av det neste punktet at det med formuleringa «alle Si’o taa Bonn’live og Framvokste» er meint kulturhistorie i snevrare forstand (folkeminne, sed og skikk osv.). (I gamle Daagaa var altså meint å dekkje denne sida i bygdebokverket for Vågå)
  2. Ei topografisk utgreiing om bygda med utstrekning og grenser, landskap og natur, folketal og næringsvegar, embetsmannshistorie, skulehistorie, handverk og byggjeskikk. Dette skulle baserast på dokumentariske kjelder (arkivmateriale).
  3. Eit «gard-tal», dvs. det som er blitt heitande gards- og ættesoge, «me ei stutt Utgrei’ing um kaar Gard fraa gomolt saa langt att-ende, som de finnst naagaa aa helde se ette, um Brukarann og Ækte [ætta] deres.»

Det er openbert at Kleiven sjølv hadde størst sans for det som fall under fyrste punktet. Statistikk og næringshistorie innarbeidde han i bygdebøkene mest som eit pliktløp. I føreorda ber han gjerne lesaren direkte om orsaking for å ha teke med for mykje av slikt, da han reknar med at mange tykkjer det er «kjei’samd lesnad». Men det må til, framheld han, for «de er no di økonomiske vilkaare, som er grunnmur’n unde bondekulture i bygdom».[7] Dette er nok ein gjenklang av dei akademiske pådrivarane for bygdehistorie i denne tida, i fyrste rekkje Edvard Bull, som så sterkt understreka at økonomisk historie var ufråvikeleg i slike framstillingar.

Gards- og ættesoge i eigentleg forstand fekk Kleiven aldri tid til å realisere i arbeidet med bygdebokverka. Men han innarbeider gjerne eit kapittel eller mindre avsnitt om «gamle ætter» i bygdene han skriv om. Det vart aldri noko av dei trebands-verka han såg føre seg, berre eitt band for kvar av bygdene han skreiv om.

Kleiven skreiv tre bøker med barndomsminne, I Heimegrendi (1908) og to som vart utgjevne posthumt, Elvesøg (1937) og Frå barndomen (1993). Særleg I Heimegrendi har gjort sitt til å forme det gjengs biletet av det store hamskiftet i bondesamfunnet i andre halvparten av 1800-talet.

Ivar Kleivens historiesyn, slik det ytrar seg i bygdebøkene og dei andre kulturhistoriske arbeida hans, har vorte karakterisert som «antikverande» i den forstand at føremålet med den historiske granskinga og formidlinga fyrst og fremst blir «å berge frå gløymsla oppfatninga av ei stasjonær livsform som var i ferd med å bli borte».[8]

Forteljinga Frå skotteåre, publisert posthumt i 1935, hadde motiv frå hendingane i Kringen i 1612, men er ei fiiksjonsforteljing, ikkje eit historisk verk.

To vegar er oppattkalla etter han, nemleg Ivar Kleivens veg på Lillehammer og ein veg med same namn i heimbygda Lalm.

Bibliografi (hovudverka)

  • Segner fraa Vaagaa, 1894.
  • I gamle Daagaa. Forteljingo og Bygda-Minne fraa Vaagaa, 1908. Nytt opplag 1944 og 1977. Ny utgåve, Novus forlag 2020.
  • I Heimegrendi. Minne fraa Seksti-Aarom, 1908. Nye utgåver 1949 og 2004.
  • Gamal bondekultur i Gudbrandsdalen:
- Lom og Skjaak, 1915. Nytt opplag 1973.
- Lesja og Dovre, 1923. Nytt opplag 1981.
- Østre og Vestre Gausdal, 1926.
- Ringbu, 1928. Nytt opplag 1988.
- Fronsbygdin, 1930. Nytt opplag 1979.
  • Frå skotteåre, Lillehammer 1935. Nytt opplag 1981.
  • Elvesøg, Lillehammer 1937. Nytt opplag 1984.
  • Frå barndomen, Lillehammer 1993.
  • Brev til Decorah Posten, utgjeve ved Gudmund Harildstad, Lillehammer 1994.
  • Heime og ute. Brevskifte mellom Ivar Kleiven og Kristian Prestgard 1886-1932. Ved Gudmund Harildstad og Kristoffer Kruken. Novus forlag, Oslo 2017. Utlagt på Lokalhistoriewiki som Brevsamling Kleiven-Prestgard.

Sjå elles komplett bibliografi ved G. Harildstad m.fl. i Artiklar av Ivar Kleiven. Målbruken hans. Bibliografi, Dølaringen 1991.

Litteratur om Kleiven (utval)

  • Berner, Carl: «Ivar Jakobson Kleiven» i Norsk biografisk leksikon (1936).
  • Bjørkvik, Halvard: «Ivar Kleiven» i Norsk biografisk leksikon
  • Bukdahl, Jørgen: Det skjulte Norge. København 1926.
  • Forfang, Halvard Grude: Ivar Kleiven 1854-1934. Oslo 1945.
  • Forfang, Halvard Grude: «Ivar Kleiven. En idehistorisk skisse», i Heimen band XI (1958-60).
  • Høgåsen, M.: «Gudbrandsdalens Snorre. Ivar Kleiven 1854-1954» i Årbok for Gudbrandsdalen 1954.
  • Ivar Kleiven 1854-1934. Minneskrift i høve 150-årsjubiléet 10. og 11. juli 2004. Utgjeve av jubileumsnemnda, Vågå 2004.

Sjå elles bibliografi ved G. Harildstad m.fl. i Artiklar av Ivar Kleiven. Målbruken hans. Bibliografi, Dølaringen 1991.

Referansar

  1. Forfang, H. Grude 1945 side 64-65.
  2. Forfang, H. Grude 1945 side 47, jf. Ivar Teigum i Bygdebok for Vågå og Sel band 2 side 398
  3. Minneskrift 2004 side 5. Folketeljinga 1900
  4. Forfang, H. Grude 1945 side 59.
  5. Forfang, H. Grude 1945 side 70.
  6. Brev til Decorah-Posten s. 90-92.
  7. Lesja og Dovre, føreordet.
  8. Minneskrift 2004 side 67 (Ivar Teigum)

Utgåande lenker