Forside:Brevsamling Kleiven-Prestgard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Brevsamling Kleiven-Prestgard
Brevsamlinga kom i 2017 ut i bokform.
Brevsamling Kleiven-Prestgard innheld 178 brev.

Kulturhistorikaren Ivar Kleiven (1854-1934) frå Vågå og pressemannen Kristian Prestgard (1866-1946) frå Heidal var vener frå ungdomen og gjekk i lag på Telemark Folkehøgskule 1885–86. Sidan budde Kleiven fast i Vågå, med Prestgard reiste ut, fyrst til Danmark og i 1893 til Amerika. Dei møttest berre éin gong seinare, sommaren 1927. Breva vart det personlege bandet mellom dei. Her fortel dei om arbeid, kultur, heimeliv og lengt i eit levande, personleg språk. Kleiven bruker både vågåmål, austlandsmål og landsmål. Prestgard skiftar frå dialekt og landsmål i Noreg til riksmål i Amerika, men den lokale tonen ligg alltid under.   Les mer ...

 
Smakebitar fra brev
Kleiven 10. apr. 1886.

Kjære ven!

Heruppe i “kjernen av landet” som Storm kallar Gudbrandsdalen, går alt sin jamne og rolege gang; dersom du trudde, at me alt hadde bækkjesus og måltrostlæte, då du litet sidan las dessa få linurne med naturskaldskap eg trakterad med her framme, so tok du imist. Nei me har førfallet her norda skogen med vind og uvedr ein dag, regn og snjog den andre, lort og søle for “einingen” og “fôrløisa” som den store fargetonen over heile maleriet. I Hedalen skal det vera reint snjogheilt enda; men snjogen ligg tunn sundfrosen og reiser for eit par dagars verkeleg godvedr og alle ventar me på ein tidleg og god vår. Norda skogen er elvi isfri og reint bar mark hev voret i over otte dagar etter sjølve bygden; i solbakkarne kan me straks ta til å glytte etter den fyrste groen når det er.

Din

Ivar.   Les mer …

 
Sjå òg
 
Eksterne ressursar
Vågå historielag
 
Kategoriar for Brevsamling Kleiven-Prestgard
ingen underkategorier
 
Andre artiklar