Telemark Folkehøgskule
Telemark Folkehøgskole vart skipa i 1880 av Viggo Ullmann, seinare stortingspresident og amtmann i Bratsberg. Skulen starta opp på garden Bjørge i Seljord. Drifta vart flytt til Utsond i Kviteseid i 1914.
Historikk
Viggo Ullmann sin skule i Seljord hadde eit førespel, da folkehøgskulepioneren Olaus Arvesen heldt skule for 80 elevar på Bjørge i året 1878-1879. Som medlærarar hadde Arvesen Oddmund Vik, seinare statsråd og fylkesmann, og nordlendingen P. Pedersen.[1]
I 1880 starta så Viggo Ullmann sin skule i Telemark. Skulen hadde som formål å gje bygdeungdom ei meir yrkesretta utdanning. Det fyrste året heldt han til på same staden som Arvesen hadde halde til, Bjørge i Seljord. Det var 70 elevar, 48 gutar og 28 jenter. Lærarar ved sida av Ullmann sjølv var førnemnde Oddmund Vik og Kr. Førland. Andre året var skulen i Drangedal, og vinteren 1882-83 i Vinje. Skulen fekk fast tilhaldsstad da Telemarkens Folkehøiskoles Aktieselskab kjøpte Utgarden (gnr. 45.6) i Seljord i 1885.[2] Frå 1890 vart undervisninga halden i den nye bygningen Borgen på Utgarden.
Telemark Folkehøgskule vart dreve privat, men mottok ifylge statskalenderen statsstøtte frå 1893. I 1902 tok Jakob Naadland over som skulebestyrer. Naadland kjøpte i 1913 garden Utsund (gnr/bnr 35/47) i Kviteseid, og skulen vart flytt hit året etter. Det vart bygd ny moderne skulebygning med internat, sentralfyring og elektrisk ljos. Skulen heldt opent for ungdom frå heile landet, men ein måtte vere fylt 17 år.
Krigsåra
Under krigsåra vart skulen rekvirert av okkupasjonsmyndigheitene. I 1941/1942 hadde Rikshirdstaben planar om å starte hirdskule på folkehøgskulen, men desse planane vart aldri realisert. I 1943 kom det på ny planer om å rekvirere skulen - denne gong til Norsk landtjeneste, ei underavdeling av Nasjonal Samlings Ungdomsforbund. Heller ikke desse planane vart det noko av. I staden vart skulen tatt i bruk som frontkjemparskule, som skulle vere eit undervisningstilbod for dimitterte frontkjemparar. Skulen vart opna 28. september 1943 av NS-minister Jonas Lie og var verksam fram til april 1945. 9. mai 1945 oppretta Hjemmefronten hovudkvarter på skulen, og fyrst på hausten same år vart bygningane igjen tatt i bruk som folkehøgskule.
Nedlegging
Grunna nedgangen i talet på elevar og dårlig økonomi vart skulen bestemt endelig nedlagt i 1954 og eigendomane vart solgt til Norsk Luthersk Misjonssamband, Skien krets. Telemark Ungdomslag hadde samla inn pengar for vidare skuledrift. Desse vart ved nedleggelsen satt i eit fond som danna grunnlaget for opprettelse av Seljord Folkehøgskule i 1971.
Telemark Folkehøgskule hadde eit elevblad som heitte Frihug.
Styrarar på folkehøgskulen
- 1880-1902: Viggo Ullmann.
- 1902-1940: Jakob Naadland.
- 1940-1950: Olav Naadland.
Elevar
- 1885–1886: Herborg Utne
- 1885–1886: Gjøa Pugerud
Eksterne lenker
Lærar Eivind Straume fortel om Viggo Ullmann og folkehøgskulen i Seljord. Opptak frå 20. februar 1960. Lenke til innslag på Nasjonalbiblioteket si heimeside.
Arkiv
Arkivet etter Telemark Folkehøgskule er ordna ved Statsarkivet i Kongsberg. Oversikta over arkivet kan studerast på arkivportalen.
Kjelder og litteratur
- Stauri, Rasmus: Fire folkelærarar. Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullmann. Noregs Boklag, Oslo 1930.
- Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.
- Oppføring i arkivportalen.
Referansar
- ↑ Stauri, R. 1930:40.
- ↑ Oppføring i arkivportalen.