Borgen (Seljord)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Borgen er namnet på ein bygning i sentrum av Seljord i Telemark. Bygningen har hatt mange forskjellige bruksområde gjennom historia.

Bruksområda til Borgen

1884: Telemark Folkehøgskule sitt aksjeselskap med Viggo Ullmann i spissen kjøper Utgarden frå Aasmund Aasmundsen for 16 000 kr.[1]
1890: Borgen byggjast.[2] Bygget skulle innehalde skulesalar, værelse for elevane og seminarrom. Laftetømmeret kom truleg frå fleire eksisterande bygningar.
1890: Seljord Indremisjon nyttar Borgen til sine møte etter at ei splitting i rørsla har gjort dei huslause.
1902: Folkehøgskulelærar Jacob Naadland tek over som styrer på skulen etter at Viggo Ullmann vert amtmann i Bratsbergs amt og må forlate skulen 30. august.
1914: Telemark Folkehøgskule flyttar til Utsond i Kviteseid. Årsaka var at skulen ikkje vart samd med Seljord kommune om den vidare drifta.
1916: Utgarden selgast frå Viggo Ullmann sitt dødsbu (Ullmann døydde 30. august 1910). Det er brørne Johannes og Hans Sandsdalen som kjøper garden for 30.333 kroner den 2. august.
1916: Seljord Sparebank kjøper Borgen.
1917: Seljord Sparebank kjøper ny tomt til Borgen på Brøløs 29. september.[3] Tomta skiljast ut frå Brouti, som Jon Nilsson, eigde for 800 kroner.
1924: Borgen flyttast frå Utgarden til Brøløs. Det er Halvor Staulen, Olav Nyland, A. Skogsmark og Aanund Verpe som får anbudet om flyttinga den 2. mai. For arbeidet skulle dei få 17.400 kroner. Dei vart sjølv heldt ansvarlege for all skade som kunne oppstå ved flyttinga. Totalt kom kostnaden med å få bygget på plass og klart til bruk på 34.522,16 kroner. Dette inkludera truleg prisen dei betala for bygget i 1916.
1929: Seljord Sparebank går konkurs, men står oppført som eigar av Borgen fram til 1934.
1932: Seljord Indremisjonslag blir stifta på nytt og held møta sine på Borgen fram til dei får eige lokale 30. november 1941. Frå 1934 heldt dei sundagskule i småsalen.
1934: Seljord Indremisjonslag, Seljord Fråhaldslag og Seljord Kristelege Ungdomslag søker Seljord Sparebank om å leggje inn straum på Borgen.
1934: Snikkarskule.
1930: Seljord Fråhaldslag held møta sine på Borgen fram til Indremisjonslaget flyttar inn i nytt bedehus i 1941.
1930: Seljord Kristelege Ungdomslag held møta sine på Borgen fram til om lag 1940.
Seljord Meieri kjøper Borgen i 1941.
Foto: Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.
1941: Seljord Meieri kjøper Borgen og installerer produksjonsutstyr for mjølk, fløte og smør i kjellaren, i tilleg til eit lite utsal. Same året vil Seljord Nye Sparebank leige lokalar på Borgen, men dette blir stoppa fordi ein manglar hvelv.
1943: Dyrsku'n held møte 10. september der minister Fretheim held foredrag om aktuelle landsbruksspørsmål.
1958: Seljord Husmorlag lagar utstilling.
1970-åra: Televerket hadde ein periode kontor på Borgen fram til nye lokalar stod klare i Telehuset.
1974: Seljord kommune flyttar ut frå Borgen og inn i nye lokalar 13. mai. Møta i kommunestyret blir framleis heldt på Borgen.
1976: Seljord Barnehage nyttar uteområdet på Borgen som leikeområde.
1976: Formannskapet i Seljord kommune vedtek å byggje toalett i 1. etasje. Samstundes skal Flatdal Bygg pusse opp huset og kommunestyresalen for 30.000 kroner.
1978: Bygningsrådet går inn for offentlig parkering på Borgen.
1979: Seljord Fråhaldslag held årsmøte på Borgen.
1985: Seljord Ungdomsklubb flyttar inn i kjellaren, og den vert innreidd til fritidsklubb. Klubben hadde ein deltidstilsett løna frå kommunen, og her fanst spel, kiosk i tilleg til at ein kunne snekre. Ungdomsklubben heldt til her fram til 1990.
1986: Seljord Folkeboksamling flyttar ut 14. februar og inn i nye lokalar på Nedrebøen.
2009: Kommunestyret vedtek å selje Borgen den 10. juni.
2012: Siste kommunestyremøte blir haldt 8. november.
2013: Private overtek Borgen 31. mai.

Kjelder

  • Espeland.tv (lest 1.6.17, kl. 15.00)
  • Flatin, Tov, Seljord II, Seljord, 1945.
  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Referansar

  1. Kjelderne er ikkje samde om når salet skjedde, men i fylgje Espeland er salet registrert i matrikkelen 25. september 1885. (Espeland.tv)
  2. Kjeldene for når Borgen blei bygd er heller ikkje heilt samstemde. Årstala varierer frå 1888 til 1890. Nils Botnen som var lærar på folkehøgskulen, skreiv i eit brev i juni 1890 at bygginga skulle utførast sumaren 1890. Viggo Ullmann skreiv sjølv i eit brev frå august 1890 at bygget "reiser seg for hver dag". Dårlig økonomi gjorde at planane og byggeprosessen var utsatt fleire gonger, men ved hjelp av vener fekk Ullmann til slutt garantert for 12.000 kroner til eit byggjelån med pant i huset. (Espeland.tv)
  3. I Tov Flatin, Seljord II, Seljord, 1945, s. 365 heitter det at salet skjedde i 1919. Espeland.tv skriv at registreringsdatoen i matrikkelen er 29. september 1917. (Jf. Espeland.tv)