Seljord Meieri

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Seljord Meieri på 1940-talet.
Foto: Sætherskar, 1949, s. 882.

Seljord Meieri vart skipa som eit andelslag 19. september 1937. Frå byrjinga var ordførar O. L. Bjørge formann i meieriet.

Historikk

Allereie i 1890 vart det skipa eit smørmeieri i Seljord kommune, men dette var berre i drift i nokre få år. Seinare ordna Seljord Handelslag til eit smørlag som vart ei kjærkomen hjelp i mange år. Fyrst i 1937 vart det skipa eit ordentleg meieri i Seljord.[1]

Meierilaget overtok Borgen frå Seljord Sparebank sitt konkursbo i 1937. Staten hjalp til med både bidrag og lån. Disponent Benterud var konsulent ved innreiing og montering av kjelleretasjen til meieri. Ein sette også inn utstyr til å lage geitmysost. Meieriet vart meldt inn i mjølkesentralen og fekk ta i mot mjølk og fløte frå 1. februar 1939.[2]

Formålet til meieriet var å ta i mot mjølk og mjølkeprodukt frå andelseigarane, og å foredle og omsette produkta til høgste pris. I 1939 produserte meieriet 242.715 kg mjølk.[3] Mengda vaks til 318.248 kg i 1940, i tillegg til 9124 kg setersmør.[4] I 1950 mottok meieriet heile 699.722 liter kumjølk.[5] Meieribygningen hadde ei grunnflate på 235 m2.

Det viste seg snart at Borgen var lite høveleg til meieri, og i 1949 vedtok styret at det måtte byggjast nytt lokale. Styret fekk fullmakt til å kjøpe tomt og å innhente planar og kostnadsoverslag for eit nytt bygg. Seljord kommune overtok Borgen for 70 000 kr, men meieriet fekk halde fram drifta fram til dei kunne flytte inn i ny meieribygning.

Ved årsmøtet i 1952 vedtok ein å setje i gang bygginga etter grunnplanen frå meierikonsulent Rønnevig og teikning av arkitekt Fonahn. Planane vart noko endra i prosessen, og då bygget stod ferdig hadde ein overskride budsjettet noko. Det ferdige meieriet med tomt og maskiner kosta til slutt 500 000 kr.[6]

Frå 1954 tok meieriet imot geitemjølk for å lage geiteost.

"Meieriet anbefaler sine produkter. Førsteklasses mjølk, fløte, smør og ost, som alltid er spekket med vitaminer fra fjellbygdas vegetasjon."[7]

Formenn

Formenn i Seljord Meieri.
Foto: Sætherskar, 1949, s. 883.

Gjennom åra var det fleire formenn i meieriet:

O. L. Bjørge. (1937)
Samson Prestegård. (1938-1940)
Erik Goderstad. (1940-1943)
N. H. Goderstad. (1943-1947)
Erik Goderstad (1947-1956)

Arkiv

Arkivet etter Seljord Meieri vert oppbevart ved Vest-Telemark Museum. Sjå lenka til arkivportalen.

Kjelder

  • Benterud, J. E., 'S/L Telemark mjølkesentral gjennom 25 år, Skien, 1956. Digital utgåvebokhylla.
  • Sætherskar, Johs., Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949. Digital utgåve på bokhylla.

Referansar

  1. Benterud, 1956, s. 47.
  2. Benterud, 1956, s. 47.
  3. Sætherskar, 1949, s. 137.
  4. Sætherskar, 1949, s. 882ff.
  5. Espeland.tv (lest 1.6.17, kl. 15.00)
  6. Benterud, 1956, s. 47.
  7. Sætherskar, 1949, s. 883.