Seljord kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Seljord
Innkøyrsla til Lien Fjellgard i Svartdal. Foto: Siri Johannessen (2017)
Basisdata
Kommunenummer 4022
Fylke Telemark
Kommunesenter Seljord
Areal 0  km²
Areal land 0  km²
Areal vann 0  km²
Folketall ukjent kode (2023)
Målform Nynorsk
Nettside Nettside
Seljord, Lien fjellgard IMG 1395.JPG
Innkøyrsla til Lien Fjellgard i Svartdal.
Foto: Siri Johannessen (2017)

Seljord kommune – gamal nemning Sillejord – er ein kommune i Telemark. Kommunen grensar i nord til Tinn, i aust til Hjartdal og Midt-Telemark, i sør til Kviteseid, og i vest til Tokke og Vinje. Høgaste punkt er Brattefjell, 1 541 moh. Namnet kjem av trenamnet selje og gerði, «inngjerdet jordstykke».

Seljord omkrinsar Seljordsvatnet (17 km²), og har mykje turisttrafikk på grunn av Seljordsormen, Countryfestivalen, Dansebandfestivalen og ikkje minst landbruksmessa Dyrsku'n, som har vorte skipa til sidan 1866. Andre helga i september kjem det kvart år 60-80 000 til dette arrangementet.

Kommunen er med i regionrådet Vest-Telemarkrådet saman med Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Tokke og Vinje.

Gullnes Kobberverk var den første ordinære gruvedrifta i Norge med ordna privilegier der kong Frederik I i 1524 utstedte kongelige privilegier til biskop Mogens av Hamar. Drifta varte til 1537.

Blika gruver i Svartdal kom i drift ca 1880 og vart lagt ned i 1901. Gruvene vart drivne av Compagnie Francaise des Mines de Bamble som utvant gull. Selskapet dreiv også Ødegården Verk i Bamble.

Sjå òg

Galleri

På verdsveven


Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Seljord kommune» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!