Fyresdal kommune
Fyresdal | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 3823 |
Fylke | Telemark |
Kommunesenter | Folkestadbyen |
Areal | 1108.9 km² |
Areal land | 1108.9 km² |
Areal vatn | 0 km² |
Folketal | 1 224 (2023) |
Målform | Nynorsk |
Nettside | Nettside |
Fyresdal kommune er ein kommune i Telemark fylke. Kommunen grensar mot Åmli, Bygland og Valle i Agder fylke, og mot Tokke, Kviteseid og Nissedal i Telemark. Høgaste punkt er Roan, 1 192 moh. Næringsvegane i kommunen er i all hovudsak skogbruk og jordbruk, i tillegg til vasskraftproduksjon. Fyresdal har mange gravhaugar og runesteinar frå vikingtida.
Namnet kjem av innsjønamnet Fyrir, det gamle namnet på Fyresvatn. Ordet fyrir er ein preposisjon som tyder det som ligg framanfor eller i vegen for ein. Dette gjorde vatnet då ein i folkevandringstida trengde seg oppover mot og inn i denne dalen utan farbare strender ein kunne ferdast langs.
I parkområdet Øyskogen ligg eit omfattande gravfelt med freda furutrær. Fyresdal Bygdemuseum har ein rad gamle bygningar og utstillingsbygg i same område. På Molandsmoen står en runesten fra 1100-tallet. Moland kyrkje er ein korskirke i tre, bygd i 1843. Altertavla frå 1738 kjem frå tidlegare Hegland kyrkje. Veum kyrkje er frå 1863.
Kommunen er med i regionrådet Vest-Telemarkrådet saman med Nissedal, Kviteseid, Seljord, Tokke og Vinje.
Mot sluten av 1800-talet hørde Fyresdal til Øvre Tellemarkens fogderi i Bratsbergs amt.
For meir informasjon sjå Liste over sider om Fyresdal kommune med lokalhistorisk stoff. Sjå òg lista over garder i Fyresdal.
Grender og bygdelag
- Birtedalen
- Borggrend
- Breiviksgrend
- Fardal
- Fjellgardane
- Hauggrend
- Hegglandsgrend
- Kilegrend
- Kleivgrend
- Kyrkjebygda
- Ligrend
- Nape- og Momrakgrend
- Spokkeligrend
- Valebjørgsgrend
- Veumgrend
- Vikstrånd
- Åslandsgrend
Kjende personar frå Fyresdal kommune
- Hallvard Bergve (1880-1928), skolemann, byråsjef i Kirkedepartementet
- Vidkun Quisling (1887-1945), offiser og politikar
- Ivar Tveiten (1850-1934), stortingspresident og kirkeminister
- Jon Ånison Folsæ, predikant
Kjelder og litteratur
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Fyresdal kommune» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida. Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon. |
|