Nissedal kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nissedal
0830 Nissedal komm.png
Basisdata
Kommunenummer 4030
Fylke Telemark
Kommunesenter Treungen
Areal 0  km²
Areal land 0  km²
Areal vann 0  km²
Folketall ukjent kode (2023)
Målform Nynorsk
Nettside Nettside

Nissedal kommune er ein kommune i Telemark fylke. Kommunen grensar i nord til Kviteseid, i aust til Drangedal og Gjerstad, i sør til Vegårshei og Åmli, og i vest til Fyresdal. Første ledd i namnet kjem frå elvenavnet Nið, 'brusande', samen med sær, 'sjø'. Høgaste punkt er Førheinutane, 1 049 m.o.h.

Fram til 1970 var det nedgang i folketalet, men har deretter vore stabilt eller gått berre svakt ned, i perioden 1995–2005 med 5,4 %. Det meste av busetjinga er langs austsida av innsjøen Nisser, med tettstaden og administrasjonssenteret Tveitsund (Treungen) heilt i sør og Kyrkjebygda og Nordbygda lenger nord.

Kommunen er med i regionrådet Vest-Telemarkrådet saman med Fyresdal, Kviteseid, Seljord, Tokke og Vinje.

Bygda har 1 750 større og mindre vatn og innsjøar. Næringsvegane i Nissedal er industri, vasskraftproduksjon og jordbruk.

Ved garden Trontveit vest for Nisser finst ein hellemaling, truleg frå bronsealderen i ein stupbratt bergvegg opp frå vatnet. Det er ein hellemaling også ved Kvithamar lenger nord.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Nissedal til Øvre Tellemarkens fogderi i Bratsbergs amt.

På verdsveven


Creative Commons License Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Nissedal kommune» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida.
Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon.
Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!