Vegårshei kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Vegårshei
0912 Vegarshei komm.png
Basisdata
Kommunenummer 0912
Fylke Aust-Agder
Kommunesenter Myra
Areal 355.65  km²
Areal land 322.37  km²
Areal vann 33.28  km²
Folketall 2 104 (2017)
Målform Nøytral
Nettside Nettside

Vegårshei er ein kommune i Aust-Agder med eit folketal på litt under 2000 innbyggarar (2011). Kommunen grensar i nord mot Nissedal kommune og Gjerstad kommune, i aust mot Risør kommune (tidlegare Søndeled herad), i sør mot Tvedestrand kommune (tidlegare Holt herad) og i vest mot Åmli. Vegårshei har hatt nært samkvem med Gjerstad, og Vegårshei sokn liggar under Gjerstad prestegjeld.

Folketal

Folketalet i Vegårshei kommune har, som elles i landet, vore prega av stor aukning delar av 1800-talet. Ved folketelinga i 1801 hadde Vegårshei kyrkjesokn 1116 innbyggarar, mens i 1865 hadde innbyggartalet aukt med nesten to tredjedelar og låg på 2639 innbyggarar. [1]

Etter dette ser det ut til at folketalet fekk ein mer stabil utvikling, men i motsetning til Gjerstad sank ikkje folketalet fram mot 1900: mens folketalet i Gjerstad sank frå 2639 til 2523 mellom 1865 og 1900, steig folketalet i Vegårshei frå 1842 til 1987 i same periode.[2]

I 1951 var folketalet sunke til 1862, og folketalet i kommunen har aldri vore så lite som i 1973 med 1636 innbyggarar. Etter det auka folketalet, og i 2011 låg folketalet på 1922. [3]

Vegårshei kyrkje og Guds menighet

  • Vegårshei kyrkje - Vegårshei kyrkje (Kjørka på Moland) er bygd i 1808 og er ein krosskyrkje i tre. Kyrkja blei sett opp av "kjørkebyggern på Heia" Knud Sjerkholt frå Holt herad. Kyrkje står på garden Molands grunn.
  • Guds menihet på Heia - på 1860- og 1870 åra var Vegårshei åsted for det såkalte Vegårsheirørsla, som var ein religiøs vekkelse. Kommunen er den dag i dag ein av dei einaste kommunane med flest folk utanfor "Den norske kyrkja", og Guds menighet på Vegårshei har nesten 1000 medlemmar. Guds menighet blei stifta av mange vegårsheiingar frå ulike krinsar i bygda. Det første forstanderen var Knut Aas.

På Vegårshei går det eit sagn om eit troll som skal ha budd i Hovdefjell, som liggar på grensa til Åmli kommune. I fylgje sagnet bur dei i dag i Trollfjell i Drangedal.

Se også

Referanser

  1. Digitalarkivet: 1801-telling for 0911 Gierrestad og Digitalarkivet: 1865-telling for 0911 Gjerrestad.
  2. Digitalarkivet: 1900-telling for 0912 Vegardshei herred.
  3. befolkningsstatistikk for Vegårshei i perioden 1951-2012 hos Statistisk Sentralbyrå

Kilder