Nissedal kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Nissedal»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Nissedal
0830 Nissedal komm.png
Basisdata
Kommunenummer 3822
Fylke Telemark
Kommunesenter Treungen
Areal 787.5  km²
Areal land 787.5  km²
Areal vann 0  km²
Folketall 1 442 (2023)
Målform Nynorsk
Nettside Nettside

Nissedal kommune er ein kommune i Telemark fylke. Kommunen grensar i nord til Kviteseid, i aust til Drangedal og Gjerstad, i sør til Vegårshei og Åmli, og i vest til Fyresdal. Første ledd i namnet kjem frå elvenavnet Nið, 'brusande', samen med sær, 'sjø'. Høgaste punkt er Førheinutane, 1049 m.o.h.

Fram til 1970 var det nedgang i folketalet, men har deretter vore stabilt eller gått berre svakt ned, i perioden 1995–2005 med 5,4 %. Det meste av busetjinga er langs austsida av innsjøen Nisser, med tettstaden og administrasjonssenteret Tveitsund (Treungen) heilt i sør og Kyrkjebygda og Nordbygda lenger nord.

Kommunen er med i regionrådet Vest-Telemarkrådet saman med Fyresdal, Kviteseid, Seljord, Tokke og Vinje.

Bygda har 1 750 større og mindre vatn og innsjøar. Næringsvegane i Nissedal er industri, vasskraftproduksjon og jordbruk. Turisme, og særleg hytteturisme, har vore i vekst i 2000-åra. Det var i 2022 heile 2430 hytter i kommunen, ei auke på 67 % sidan 2006.

Ved garden Trontveit vest for Nisser finst ein hellemaling, truleg frå bronsealderen i ein stupbratt bergvegg opp frå vatnet. Det er ein hellemaling også ved Kvithamar lenger nord.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Nissedal til Øvre Tellemarkens fogderi i Bratsbergs amt. Per 2024 tilhøyrer kommunen Sør-Aust politidistrikt, Telemark tingrett, Agder lagmannsrett og Øvre Telemark prosti i Agder og Telemark bispedøme.

Kjelder og litteratur

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!