Midt-Telemark kommune
Midt-Telemark kommune ligg i Telemark fylke og blei oppretta 1. januar 2020, da Bø kommune og Sauherad kommune slo seg saman som er eit resultat av kommunereforma 2014–2018. To av grunnkrinsane i Sauherad, Angard og Hjuksebø (med totalt 466 innbyggjarar), blei samstundes ved grensejustering overført til Notodden kommune.
| Midt-Telemark | |
|---|---|
| Basisdata | |
| Kommunenummer | 3817 |
| Fylke | Telemark |
| Kommunesenter | Bø |
| Areal | 518.51 km² |
| Areal land | 490.12 km² |
| Areal vann | 28.39 km² |
| Folketall | 0 (2025) |
| Grunnlagt | 2020 |
| Målform | Nøytral |
| Nettside | Nettside |
Kommunen Midt-Telemark omfattar to av dei tre kommunane i regionen Midt-Telemark, som mellom anna har et regionråd (Midt-Telemarkrådet) og utgjer næringsregionen Midt-Telemark. Den tredje kommunen, Nome, valde å halde fram som sjølvstendig kommune.
Bø er administrasjonssentrum i Midt-Telemark kommune.