Bø i Telemark
Bø er ei bygd i Midt-Telemark kommune i Telemark med om lag 6 000 innbyggjarar og eit areal på 263,1 km². Der ligg òg administrasjonssenteret i kommunen.
Sidan 1920-åra har Bø blitt eit viktig regionalt handels-, service- og skulesentrum. Staden har eit breitt tilbod av privat og offentleg tenesteyting. Universitetet i Søraust-Noreg si avdeling i Bø gjev ringverknader i næringslivet og lokalsamfunnet elles, og dei om lag 2 300 studentane på campus gjer sitt til å prege staden. Telemarkforsking i Bø er eit sjølvstendig regionalt forankra forskingsinstitutt med kundar og prosjekt over heile Noreg. Bø har òg vidaregåande skule og leirskule. Lokalavisa er Bø Blad.
Jernbanen kom til Bø i 1924, og Bø stasjon er ein viktig stasjon på Sørlandsbanen og eit trafikknutepunkt med fleire bussruter som knytter tettstaden saman med Skien, Notodden, Seljord og Lunde. Riksveg 36 går gjennom bygda med samband søraustover til Grenland og E18, og vestover til Seljord og E134. Fylkesveg 359 går sørover frå Bø til Lunde og Ulefoss, medan fylkesveg 360 går til Notodden over Gvarv og Akkerhaugen. Frå Bø kan ein òg køyre fylkesveg 3330 over Reshjemheia til Notodden.
Historikk og kultur
Bø Museum ligg på Oterholt, og har mellom anna ei samling gamle hus på Kvennøya i Bøelva. På Kvennøya ligg også Oterholtfoss kraftverk som ble etablert i 1932.
Gullbring kulturanlegg frå 1994 har symje- og idrettshall, konsert- og teatersal og kino. Telemarkshallen med innandørs fotballbane opna i 1995. Heilt sidan Høgskulen i Bø starta opp, har Kroa i Bø studentkroa]] vore ein mykje omtykt konsertarena. Telemark Sommarland er eit fritids- og badeanlegg.
Kvart år blir det arrangert to festivalar i bygda: Sommarlandsfestivalen for kor, korps og orkester og Telemarksfestivalen, som er ein internasjonal folkemusikkfestival.
På Bøhaugen ovanfor sentrum ligg Bø gamle kyrkje, truleg frå 1100-talet, og Bø nye kyrkje frå 1875.
Kjelder
- Store norske leksikon: Bø - tettstad i Midt-Telemark
- Usn.no: Universitetet i Sørøst-Norge Campus Bø
- Kroaibo.no: Studentkroa i Bø
- Telemarkforsking.no: Nettstaden til Telemarkforsking