Bø Museum (Telemark)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bø Museum.
Foto: Per Ormestøyl (2017).
Åsestugo.

Bø Museum er eit kulturhistorisk museum for Bø kommune i Midt-Telemark. Museet har store samlingar av folkedraktmateriale, hardingfeler, ulike handverk, frå landbruket og landhandelverksemd og er lokalisert til Oterholt (hovudsete), Kvennøya og Østerli i Bø. Museet forvaltar fire bygningar på Oterholt, fem på Kvennøya og fire på Østerli, til saman 14 kulturhistoriske bygningar. Bø Museum er skipa 26. september 1977 og er eit resultat av det arbeidet Bø kommune, Bø Ungdomslag, Bø Bondekvinnelag, nå Bø Bygdekvinnelag, Bø Historielag, Spelemannslaget Bøheringen, Bø mållag og Høgskolen i Telemark har gjort for å ta vare på gjenstandar og anna tradisjon som er særmerkt for kulturtradisjonen i Bø. Museet har som oppgåve å føre dette arbeidet vidare ved å drive museumsverksemd og aktivisere innbyggjarane til å ta vare på og utvikle alt som har kulturhistorisk verdi for Bø kommune. Dette skjer også ved å samle og sikre dokumentasjon, drive formidling og utvikle ny kunnskap gjennom forsking. Bø Museum følgjer ICOMs museumsetiske regelverk.

Gjenstandsamlinga utgjer totalt kring 10200 gjenstandar, fotosamlinga kring 6200 foto og bokstamma er på kring 10.800 band. Mykje er lokallitteratur frå Telemark og kulturhistorie i tråd med samlingane elles.

Bø Museum og Bø kommune har samla sine private arkiv i Bø lokalhistoriske arkiv. Arkivet består av kring 230 privatarkiv pr. 2018.

Bø Museum er eit eige rettssubjekt. Museet er ein medlemsorganisasjon der og einskildpersonar og verksemder kan bli medlemmer. Aktiviteten ved museet skal drivast og utviklast i eit nært og forpliktande gjensidig samarbeid med Bø kommune.

Arkiv

Samlinga til museet består m.a. av privatarkiv. Oversikta over desse kan studerast i lista over privatarkiv frå Telemark eller i eiga liste over privatarkiv frå Bø Museum.

Historikk

Museumssaka i Bø har ei lang historie. Kring 1915 blei det stifta eit museumslag som fekk namnet Bø Bygdemuseum. Dette laget hadde meining med å bygge opp ein 1700-tallsgard med alle hus som høyrde til på ei tomt ved Lahus i Bø. Denne tomta fekk namnet Bø Gamlesjå. Den gamle stugo frå Åse i Eikjabygda blei fløtt dit. Arbeidet stoppa opp og Bø Ungdomslag tok over huset. Etter at det noverande Bø Museum blei etablert fekk dei Åsestugo i gåve frå Ungdomslaget. Museet fløtte huset til museumsområdet på Oterholt og ny-åpna det i 0000 ? Etter at dette første museumslaget hadde lagt ned verksemda heldt m.a. historielaget, bondekvinnelaget og ungdomslaget museumstanken varm. Den gamle sogeskrivaren Gregar O. Nordbø heldt utallege foredrag fram til han døydde i 1940 for å halde museumsinteressa oppe. Skipinga av Bø Museum i 1977 skjedde som eit direkte resultat av den store kulturutstillinga i regi av Kulturstudiet ved Telemark Distrikshøgskole, som det het den gongen.

Bergit Borgen hadde testamentert ein større pengesum og nokre hundre gjenstandar frå Borgja til Bø kommune for oppbygging av eit framtidig bygdetun i Bø. For desse pengane blei eigedomen Nistugu Østerli kjøpt inn til museumsformål. Tidleg på 1980-talet kom Åheim landhandel frå 1898 på sal. Ein vellukka innsamling av pengar i Bø gjorde det muleg for museet å kjøpe denne eigedomen. Seinare på 1980-talet fekk museet kjøpe det gamle forsamlingslokalet kalla Polen. Huset blir i dag nytta til kontorer og forsamlingslokale for museet. Når museet nå hadde hand om to sentrale bygningar i Oterholt sentrum blei staden nå eit senter for museumsverksemda i Bø. Seinare regulerte Bø kommune eit større område kring desse bygningane og Kvennøya til frilufts- og museumsformål. På Kvennøya har museet bygd opp ein husmannsplass tilnærma identisk med plassen som låg der tidlegare.

Bygningane

Oterholt: Åheim landhandel, Polen, Utstillingsbygget, Åsestugo, Verkstaden

Kvennøya: Stugo, Lugo, Fjoset, Badstugo, Buret, Smio

Østerli: Stugo, Lugo, Stolbua, Smio

Galleri

Kilder

  • Bø Museum