Bø kommune (Telemark)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bø kommune
0821 Bo Telemark komm.png
Basisdata
Kommunenummer 0821
Fylke Telemark
Kommunesenter
Grunnlagt 1838
Opphørte 2020
No del av Midt-Telemark kommune

Bø kommune var fram til 1. januar 2020 ein kommune i Telemark, som hadde namn etter tettstaden med administrasjonssenteret. Kommunen grensa mot Notodden i nord, Sauherad i aust, Nome i sør samt Kviteseid og Seljord i vest.

Bø kommune var ein del av regionen Midt-Telemark som også omfatta Nome og Sauherad. Dei tre kommunene var med i regionrådet Midt-Telemarkrådet.

Bø var frå fyrst av ein landbrukskommune, men i seinare tid har også handel og tjenesteyting vore viktige næringar. Høgskolen i Telemark - studiested Bø, med omkring 1600 studentar, har prega lokalsamfunnet sterkt. Kommunevåpenet hadde tre feler i gull på raud bakgrunn og viser den sterke folkemusikktradisjonen i Bø.

Mot slutten av 1800-tallet hørte Bø til Nedre Telemarkens fogderi i Bratsberg amt.

I samband med Kommunereformen 2014–2018 inngjekk Bø kommune ein intensjonsavtale med Sauherad om samanslåing, og samanslåinga vart vedteke av kommunestyret i Bø 16. juni 2016. Den nye kommunen trådte i kraft 1. januar 2020, og Bø vart ført vidare som administrasjonsstad. Det nye namnet, Midt-Telemark kommune, vart avgjort etter ein namnekonkurranse som innbyggjarane deltok i. Ved samanslåinga hadde den nye kommunen rundt 10 000 innbyggjarar og var den 113. største målt i innbyggjartal.

Sjå også

Vegar i Bø kommune (Telemark)

Eksterne lenkjer

Koordinater: 59.41281° N 9.06618° Ø