Olav Naadland
Olav Naadland (fødd i Seljord 16. juli 1899, død 14. oktober 1965 i Vinje) var lærar og folkehøgskulestyrar.
Foreldra var folkehøgskulestyrar Jakob Naadland (1870-1957) og Kitty Naadland fødd Olsen.
Olav Naadland var gift med Ingrid Nustad (fødd i Sør-Fron 1903, død på Gjøvik 1991). Ho var dotter til Gustav Amundsen Nustad (1871-1951) og Ingeborg Eriksdotter fødd Austlid (1876-1970). Faren hennar var gardbrukar, landhandlar og skysstasjonshaldar på Hundorp i Sør-Fron. Olav og Ingrid Naadland fekk fire born:
- Arnhild Ingeborg (fødd 1934)
- Liv Kristine (fødd 1936)
- Olav (fødd 1938)
- Ingeborg Rannveig (fødd 1942)
Olav Naadland tok eksamen artium ved Stavanger høiere offentlige almenskole i 1921, og tok også førebuande prøve i filosofi ved universitetet. Han avla lærarprøva ved Notodden private lærarskule i 1926, og fekk det meste av si yrkesgjerning i folkehøgskulen. Allereie før han tok lærareksamen vikarierte han ved Telemark folkehøgskule i Kviteseid (1922-1925) og ved Sunnhordland folkehøgskule (1923-1924). I 1926 vart han tilsett ved Gudbrandsdalens folkehøgskule, der han vart verande i 14-15 år. I 1940 tok han over etter far sin som styrar ved Telemark folkehøgskule, og var der til skulen vart nedlagd i 1950. Deretter var han lærar i folkeskulen i Vinje til sin død.
Han var også gardbrukar i feriane og på heiltid under okkupasjonstida 1941-1945.
I boka til 25-årsjubileet for studentane 1921 i 1946, skriv Naadland følgjande om sitt livssyn og innstilling:
- «Livssynet mitt er sterkt prega av Grundtvigs syn på menneske og menneskelivet. Tru på dei gode, byggjande krefter, at dei er dei upphavelege og sterkaste, at det i eit kvart menneske er att noko av Gudsbiletet - det fullkomne. Politisk er eg motstandar av alt som smakar av klassekamp og serinteresser. Elles er eg venstremann, men hev aldri vore aktivt med i politikk.»
Han var aktiv i ungdomslag og idrett og formann i slike lag.
Kjelder og litteratur
- Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Norske skulefolk 1952.
- Slekter fra Ringebu og Gudbrandsdalen
- Studentene fra 1921. Bokkomiteen for studentene 1921, 1946.
- Studentene fra 1921. Utg. til 50-årsjubileet 1971.
- Olav Naadland i Historisk befolkningsregister.