Oddmund Vik

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Statsraad Vik
Foto: Narve Skarpmoen (1916).

Oddmund Jakobsson Vik (fødd å Øystese i Kvam, Hordaland 19. april 1858, død i Molde 12. februar 1930) var skulemann, redaktør, forfattar, stortingsmann, fylkesmann og statsråd og sjef for Provianteringsdepartementet i Gunnar Knudsens andre regjering. På Stortinget representere han Venstre.

Familie

Han var son av gardbrukarparet Jakob Larsen Vik (1826–1923) og Magnhild Nilsdotter Laupsa (1826–1915). I 1885 gifta Oddmund Vik seg med Dorothea Emilie Fredrikke Høie (15. mai 1866–24. januar 1948) frå Stavanger. Ho var dotter av skulestyrar Rasmus Høie (1833–1909) og Lise Karine Tronsdatter Tjøstheim (1846–1891). Den seinare folkehøgskulestyraren Lise Stauri var ei yngre syster til Oddmund Viks kone. Lise budde nokre år hjå dei som småjente og ungdom etter at mora døydde.

Utdanning og lærargjerning

Vik tok lærarutdanning ved Stord seminar. Det same året som han vart uteksaminert derifrå, 1877, heldt han ungdomsskule i heimbygda si. Deretter var han ei kortare tid huslærar i Sund. Så byrja ei lang og allsidig verksemd i teneste for folkehøgskulen. Han var fyrst eit år ved Olaus Arvesens skule Sagatun ved Hamar (1878-1879). Året etter verka han ved Viggo Ullmanns folkehøgskule på Vikmarken ved Grimstad. Der tok han også middelskuleeksamen i 1881. Han byrja lese til artium, men fullførte ikkje dette. Da Ullmann flytta skulen sin til Seljord i 1880, vart Vik med. Han arbeidde der til 1884, med avbrot vinteren 1882-1883, da han var ved Askov og andre folkehøgskular i Danmark. I åra 1884–1888 var Vik styrar for eigne folkehøgskular i Tjølling, Kodal og Andebu i Vestfold.

Publisisten

Alt frå ungdomen av skreiv Vik artiklar i avisene, m.a. i Fedraheimen. Han var ivrig landsmålstilhengar. I 1885 skreiv han to artiklar i Dagbladet, der han på sterkt kritisk vis skildra tilhøva ved ekserserplassen TvildemoenVoss. For dette vart han sett under tiltale for krigsrett og dømd til 40 dagars fengsel. Vik anka til Høgsterett, men der vart dommen stadfesta 29. juli 1886, og Vik vart ilagd kr. 400 i sakskostnader. Ved kgl.res. den 18. desember same året vart straffa sett ned til 10 dagars fengsel, og Stortinget ettergav sakskostnadene, etter framlegg frå regjeringa Sverdrup.

I 1888 flytta familien til Stavanger, der Vik fyrst var redaktør for Rogaland Folkeblad (1888), deretter Stavanger Avis 1890-1908.

Oddmund Vik var også forfattar utanom avisarbeidet. Mellom anna utgav han romanen Bjørn Berge (1883), ein biografi om Ole Bull (1890) og ei utgreiing om jordebokrettar og tiende som låg til grevskapa i Vestfold (Laurvig og Jarlsberg) (1887).

Politikar og fylkesmann

Oddmund Vik slutta seg til Rene venstre i 1888, og var radikal venstremann i heile sin politiske karriere. Lokalpolitisk sat han i bystyret i Stavanger 1899-1901 og 1905-1915. Han var varaordførar 1899-1901 og ordførar 1913-1914. I 1910-1912 var han på nytt stortingsmann for Verket krins i Stavanger.

I 1914 vart Vik utnemnd til amtmann i Romsdals amt, eit embete han hadde til 1928, og blir særleg hugsa for sitt engasjement for skogplanting, samferdsel og kraftutbygging.

Han vart i 1915 utnemnd i kornmonopolkommisjonen. Den 28. juli 1916 vart han utnemnd til statsråd og sjef for det nye Provianteringsdepartementet, som var skipa som følgje av den vanskelege forsyningssituasjonen under verdskrigen. Som minister var han omstridd, og det var betydelege motsetningar mellom Vik og ststsminister Gunnar Knudsen. Vik søkte avskil, og fekk innvilga dette den 28. november 1917.

Kjelder og litteratur