Voss herad

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Voss»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Voss herad
Voss herad.png
Basisdata
Kommunenummer 1235
Fylke Hordaland
Kommunesenter Vossevangen
Areal 0  km²
Areal land 0  km²
Areal vatn 0  km²
Folketal ukjent kode (2023)
Målform Nynorsk
Nettside Nettside

Voss herad er ein innlandskommune i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Hordaland) med grenser mot Vik og Aurland i Sogn, Ulvik, Ullensvang og Kvam i Hardanger i tillegg til Vaksdal. Kommunesenteret er Vossevangen. Kommunen er eit trafikknutepunkt, og er i våre dagar ikkje minst kjend som vintersportsstad og for sin årvisse jazzfestival.

Storkommunen Voss vart oppretta i 1964 ved samanslåing av dei tidlegare kommunane Voss, Vossestrand og Evanger (unnateke Bergsdalen og Øvre Eksingedal). I samband med Solberg-regjeringa si kommunereform vedtok kommunestyra i Granvin og Voss i 2016 å danne nye Voss herad frå 1. januar 2020.

Voss har utgjort ei tydeleg identitetsberande distriktseining som gjennom historia har vore vedheng til skiftesvis Hardanger og Nordhordland i verdsleg og kyrkjeleg inndeling (t.d rundt 1850: «Hardanger og Voss prosti», «Nordhordland og Voss fogderi»). Også i dagens kyrkjelege inndeling høyrer Voss til Hardanger og Voss prosti under Bjørgvin bispedømme. I den rettslege inndelinga utgjorde Voss eit eige sorenskriveri frå 1919 (og det meste av 1600-talet), men høyrer frå 2006 inn under Nordhordland tingrett under Gulating lagdømme.

Galleri

Kjelder og litteratur