Nordhordland

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Nordhordland er eit distrikt i den nordlege delen av Hordaland. Det omfattar ti kommunar: Austrheim, Fedje, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Osterøy, Radøy, Vaksdal og Øygarden. Desse hadde til saman 45 838 innbyggjarar pr. 1. juli 2008, og eit areal på 2753 km². Tidlegare vart òg delar av Gulen kommune og bydelane Arna og Åsane medrekna til Nordhordland. Den største tettstaden i distriktet er Knarvik.

Saman med Midthordland inngår Nordhordland i regionen Bergen og omland.