Masfjorden kommune
Masfjorden kommune ligg i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Hordaland), og grensar til Gulen i nordvest, Høyanger i nordaust, Modalen i aust og Alver i sør. Administrasjonssenteret er Masfjordnes. Det er ingen tettstader i kommunen. Masfjorden vart oppretta som kommune i 1879, då han vart skilt ut frå Lindås.
| Masfjorden kommune | |
|---|---|
| |
| Basisdata | |
| Kommunenummer | 4634 |
| Fylke | Vestland |
| Kommunesenter | Masfjordnes |
| Areal | 556.08 km² |
| Areal land | 510.28 km² |
| Areal vann | 45.8 km² |
| Folketall | 1 687 (2025) |
| Grunnlagt | 1879 |
| Sammenslåing(er) | 1964: Lite område overført frå Lindås |
| Målform | Nynorsk |
| Nettside | Nettside |
Husdyrbruk, fiskeoppdrett og havbruk er viktigaste næringsveger i kommunen. Det er store vasskraftressursar i Masfjorden, med ein maskinkapasitet på 287 MW i Matrevassdraget.
Kjelder og litteratur
|
Koordinater: 60.79947° N 5.30038° Ø
