Alver kommune
Alver kommune er ein kommune i Nordhordland, Vestland fylke. Kommunen vart etablert 1. januar 2020, då kommunane Lindås, Radøy og Meland slo seg saman. Dei tre kommunestyra vedtok samanslåinga 22. juni 2016, i samband med Solberg-regjeringa si kommunereform. Året etter bestemte kommunane at namnet på den nye eininga skulle vere Alver, etter at også alternativa Nordhordland, Knarvik, Kvernafjord og Radfjord hadde vore framme i diskusjonane. Namnet kjem frå Alver i Lindås, som er ein del av Knarvik tettstad.
| Alver kommune | |
|---|---|
| Basisdata | |
| Kommunenummer | 4631 |
| Fylke | Vestland |
| Kommunesenter | Knarvik |
| Areal | 679.15 km² |
| Areal land | 651.05 km² |
| Areal vatn | 28.1 km² |
| Folketal | 30 169 (2025) |
| Grunnlagt | 2020 |
| Målform | Nynorsk |
| Nettside | Nettside |
Knarvik er administrasjonssenter i kommunen. Alver har om lag 29.090 innbyggjarar, eit areal på 679 kvadratkilometer og 2500 tilsette. Kommunen har i alt 832 øyer, dei aller fleste rundt dei ytre delane av Radøy og Lindåshalvøya.
Kjelder og litteratur
- Alver kommune: «Samstemte om Alver» (publisert 5. mai 2017).
- Alver kommune: «Alver i tal».
- Kommunal rapport: «Nordhordland kommune vedtatt» (publisert 22. juni 2016).
- «Alver» i Store norske leksikon
Koordinater: 60.54907° N 5.28565° Ø