Knarvik
Hopp til navigering
Hopp til søk
Knarvik er ein tettstad på nordsida av Salhusfjorden, Alver kommune i Nordhordland. Staden er administrasjonssenter i kommunen, og hadde same status i Lindås kommune før kommunesamanslåinga i 2020. Pr. 1. januar 2019 hadde Knarvik 5875 innbyggjarar.
Knarvik er handels- og skulesenter for Nordhordland. Her ligg mellom anna kjøpesenteret Knarvik senter (opna 1978) og Knarvik vidaregåande skule. Før Nordhordlandsbrua opna i 1994, var Knarvik òg eit viktig fergeleie. Avisene Strilen og Nordhordland kjem ut her.
Kjelder og litteratur
- «Knarvik» i Store norske leksikon
- «Knarvik senter», Wikipedia
- Statistisk sentralbyrå: Befolkning og areal i tettsteder, 1. januar 2019.