Fedje kommune
| Fedje kommune | |
|---|---|
| Basisdata | |
| Kommunenummer | 4633 |
| Fylke | Vestland |
| Kommunesenter | Fedje |
| Areal | 9.27 km² |
| Areal land | 8.95 km² |
| Areal vann | 0.32 km² |
| Folketall | 521 (2025) |
| Grunnlagt | 1947 |
| Målform | Nynorsk |
| Nettside | Nettside |
Fedje kommune ligg i Nordhordland i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Hordaland), og grensar til Gulen i nord, Austrheim og Alver i aust og Øygarden i sør. Kommunen vart oppretta i 1947, då øya Fedje og 124 mindre øyer og holmar vart utskilde frå Austrheim kommune. Fedje var den siste kommunen som vart skipa før dei omfattande samanslåingane som følgde etter Schei-komiteen sine utgreiingar.
Administrasjonssenteret er tettstaden Fedje, der om lag 75 % av innbyggjarane bur. Med eit folketal på om lag 560 er Fedje den nest minste kommunen i fylket.
Fiske er ein viktig næringsveg i Fedje. Industrien i kommunen er i stor grad knytta til fisket, med fiskeforedling og mekanisk verkstad. Turisme har òg vorte ei viktig inntektskjelde.
Kjelder og litteratur
|
Koordinater: 60.77874° N 4.71968° Ø