Øygarden kommune
| Øygarden | |
|---|---|
| Basisdata | |
| Kommunenummer | 4626 |
| Fylke | Vestland |
| Kommunesenter | Straume |
| Areal | 314.52 km² |
| Areal land | 300.38 km² |
| Areal vann | 14.14 km² |
| Folketall | 40 105 (2025) |
| Målform | Nynorsk |
| Nettside | Nettside |
Øygarden kommune er ein kommune i Vestland fylke. Heile kommunen ligg på øyer utanfor Bergen, i alt 1525, og utgjer ei øyrekkje mellom Hjeltefjorden og Vatlestraumen/Raunefjorden i aust og Nordsjøen i vest. Rekkja går frå Fedjeosen i nord til Krossfjorden i sør.
Den opprinnelege Øygarden kommune vart oppretta i 1964, då Hjelme og den ytre delen av Herdla vart samanslegne. 20. januar 2016 vedtok kommunestyra i Fjell, Sund og Øygarden å slå saman dei tre kommunane, og den nye storkommunen fekk namnet Øygarden. Straume på Litlesotra er største tettstad og administrasjonssenter i Øygarden kommune.
Den klart største øya i kommunen er Sotra (178,6 kvadratkilometer), som før samanslåinga i 2020 var delt mellom Fjell og Sund.
Galleri
Kjelder og litteratur
Koordinater: 60.36265° N 5.12196° Ø
|
