Sotra

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Sotra (Store Sotra) er ei øy i Øygarden kommune i Vestland fylke, med et areal på 178,6 kvadratkilometer. Før kommunesamanslåinga med Øygarden i 2020 høyrde søre delen til Sund kommune og den nordre til Fjell kommune. Aust for Sotra ligg den mindre øya Litlesotra (16,7 kvadratkilometer), der Straume, det tidlegare kommunesenteret i Fjell kommune, ligg.

Tydinga til namnet Sotra er uviss. Truleg er namnet særs gammalt. På norrønt vart det skrive Sotr og Sótr. Gunnstein Akselberg, som har skrive om namnet i band I av Fjell bygdebok, peikar på to rimelege tolkingar, som begge viser til sterke straumar kring øya. Namnet kan anten koma av verbet sjoda, som tyder syda eller koka, eller av verbet suga.

Namneforma Sartor stammar frå 1600-talet, og er ei dansk forvansking av Sotra.

Fram til 1800-talet utgjorde Sotra og dei kringliggjande øyane Sartor skipreide. Øya var delt i to kyrkjesokn: Sund i sør og Fjell i nord.

Se også

Litteratur