Ole Bull

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Ole Bull med fiolin.
Foto: Jose Maria Mora / Nasjonalbiblioteket
Interiør i Ole Bull sin heim Lysøen i Os i Hordaland.
Foto: Bjarne Thune

Ole Bornemann Bull (fødd 5. februar 1810 i Bergen, død 17. august 1880 i Os i Hordaland) var ein av dei fremste fiolinistane i Noreg, og ein av de første kunstnarane som representerte Noreg i utlandet.

Slekt og familie

Han var son av apotekar Johan Storm Bull (1787–1838) og Anna Dorothea Borse Geelmuyden (1789–1875). Faren tilhørte altså slekta Bull, mens mora tilhørte slekta Geelmuyden. Knud Geelmuyden Bull (1811–1889) og Georg Andreas Bull (1829–1917) var brørne hans.

Han var gift to gonger. Først blei han gift den 19. juli 1836 i Paris med Alexandrine Félicité Villeminot (1818/1819–1862), dotter av intendanturoffiser Alexandre François Villeminot og Joséphine Sedan. Ei dotter frå dette ekteskapet, Eleonore Felicie Bull (1843–1923), blei gift med lege Christopher Ingier og mor til mellom anna Alexandra Ingier, den første kvinna som tok medisinsk doktorgrad i Noreg.

Han gifta seg på nytt den 6. september 1870 i Madison i Wisconsin med Sara Chapman Thorp (1850–1911). Ho var dotter av trelasthandlar og delstatssenator Joseph Gilbert Thorp og Susan Amelia Chapman.

Unge år

Han voks opp i Svaneapotek-garden i Bergen som eldst i ein flokk på ti sysken. Foreldra var oppteke av musikk, og onkelen Jens Geelmuyden var cellist i ein amatørkvartett. Dette førte til at han tidleg blei kjend med komponistar som Joseph Haydn, Ludwig Spohr og Wolfgang Amadeus Mozart. Då han var åtte år gamal fekk han Johan Heinrich Paulsen som fiolinlærar. Pailsen var konsertmester i Harmonien, og var Ole Bull sin lærer i to år. Deretter fekk han undervisning av svenske Mathias Lundholm, som også var ved Harmonien. Dei studerte mellom anna Pierre Rode, Federigo Fiorello, Giovanni Viotti og Nicolò Paganini. I tillegg til den klassiske musikken hørte unge Ole Bull også på hardingfelespelarar når han om somrane var på besteforeldra sin gard i ValestrandOsterøy.

Han gjekk på Bergen katedralskole, og etter eksamen der reiste han i 1828 til Christiania for å ta examen artium. Den gongen tok ein artium ved universitetet. Planen var å studere til prest. Han hadde då god kjennskap til den nye, virtuose fiolinmusikken, og han hadde også lært seg nokre hardingfeleslåttar som kan kunne spele på hardingfele eller fiolin. På artium strauk han i latin, noko som vel var ei lukke for norsk musikkhistorie. Han kunne då gå djupare inn i musikken. I ein periode då Waldemar Thrane var sjuk dirigerte han Det musikalske Lyceum og orkesteret ved Christiania offentlige Theater. Thrane døydde ved juletider 1828. Sjølv om Bull hadde gjort ein god jobb fekk han ikkje overta jobben. I staden reiste han i 1829 rundt i Tyskland. Etter å ha kome heim til Noreg hadde han konsertar i mellom anna Christiania, Bergen og Trondheim.

Konsertfiolinisten og komponisten

Ole Bull hadde no etablert seg som konsertfiolinist, og i 1831 reiste han til Paris. Det var ikkje lett å få spele der, for det var mange om beinet. Ein tid delte han rom med den tyske fiolinvirtuosen Heinrich Ernst. Bull øvde mykje, og utvikla ein eigen stil. Han hadde ein klar, mjuk og syngjande tone, ein emosjonell spelestil og god evne til å spele i høgt tempo. Han nytta framleis hardingfele ved sida av fiolinen, og byrja å skrive eigen musikk. Mykje av det han spelte var også improvisert. Det han skreiv ned kunne gjerne vere skisser som minte han på korleis stykket skulle låta.

I 1833 og 1834 var han på turne i Sveits og Italia, og der hadde hun sine første suksessar. Attende i Paris fekk han i 1835 spele på operaen, som første fiolinist sidan Paganini. Kritikarane samanlikna han med den store Paganini, som var ein av Bull sine heltar.

Han blei gift med Alexandrine Félicité Villeminot i 1836. Ho var barnebarn av Madame Villeminot, som tidlegare hadde vore vertinna hans i Paris. Same året drog han på turne i Storbritannia, der han gav meir enn 250 konsertar. Han drog så til Tyskland, Polen, Russland, Finland og Sverige. Hausten 1838 var han heime i Noreg att, og hadde konsertar her. Så var det ut på ein ny turne i Europa. I 1841 var han attende i Noreg, tok ein ny turne og kom attende i 1842. I 1843 var det så ny turne i Europa. Ingen andre virtuosar før han hadde klart å turnere så mange år på rad.

Kritikarane gav han for det meste god kritikk. Nokre av dei tyske kritikarane meinte at konsertane var for like i stil og repertoar, men publikum kom attende år etter år. Bull spelte mest eigne komposisjonar. Det første store stykket var Norges Fjelde, som han skreiv i Paris 1832–1833. Dette har diverre gått tapt. Han var særs god på å improvisere over melodiar som publikum foreslo. Dei fleste av desse er også tapt.

I 1843 gav han ut tre større verker: En Moders Bøn (Adagio Religioso, Op. 1), Nocturne (Op. 2) og Bravura variasjonar (Op. 3). Eit fjerde verk, Siciliano e tarantella blei ikkje utgjeve på grunn av ein alvorleg konflikt med forleggaren. Etter dette ville han ikkje ha noko med forlag å gjere, så resten av dei omlag 70 verka hans finst berre i manuskript, redigerte utgåver eller er tapt.

I 1843 hadde han sin første turne i Nord-Amerika. Kritikarane hadde nyleg hørt fleire andre europeiske virtuosar, og samanlikna dei. Det var klart at dei rekna Bull som ein av dei beste. Bull spelte i Canada og i den austlege delen av USA, og han var også på Cuba.

Etter ein kort tid i Paris i 1846 reiste han på turne i Sør-Frankrike, Algerie og Spania. Først i 1848 kom han attende til Paris. Kona hadde no blitt lei av turnelivet. Ho hadde busett seg i Frankrike, og Ole Bull var hos ho mellom turneane. Dei fekk seks born, og fire av dei voks opp. Bull var sjeldan til stades, så det var mora som måtte ta seg av dei.

Sammen med blant andre Ludvig Mathias Lindeman var Bull viktig i å fremme norsk folkemusikk i den samtidige kunstmusikken

I februar 1848 braut revolusjonen ut i Paris. Bull var då i Sør-Europa, og reiste straks heim til kona som budde rett utafor Paris. Bull blei oppelda av revolusjonsleiaren Alphonse Lamatine, og tok til seg dei patriotiske tankane hans. Dei overførde han til Noreg sin sak; han ville kjempe for eit uavhengig Noreg. Her kunne han nytte folkemusikken for å styrke nordmenn i trua på eigen kultur, og samstundes kunne han nytte det at han var berømt. Han kjøpte seg ein eigedom på Andøya og tok med kone og ungar dit. I desember 1848 gav Det norske Studentersamfund ein middag til ære for Bull, og han la då fram sine tankar om eit norsk teater. Året etter sette Hans Gude og Adolph Tidemand opp levande tablå over sine nasjonalromantiske måleri, samstundes som Bull var på sitt mest aktive i politikken.

Bull reiste til Christiania saman med Torgeir Augundsson, Myllarguten, og dei gav fleire konsertar. Å høyre folkemusikk på konsertar var noko nytt i byen, og det blei godt motteke. Ein av dei mest kjente melodiane, «Sæterjentens Søndag» frå Et Sæterbesøg for fiolin og klaver eller orkester blei til i denne tida. Den versjonen vi seinare er blitt vane med har ein nyare tekst og klaverarrangement. I 1851 skrev han «Kunstens Magt» til ein tekst av Henrik Ibsen, og same året kom Norske Fjeldmelodier for stemme og klaver. Hans arrangement av «Fanitullen» frå 1849 og andre improvisasjonar blei også særs populære, men som dei fleste improvisasjonar er dei gått tapt.

Hans prosjekt for å skipa eit norsk teater var kontroversielt. Han klarte å få støtte, og kunne sjølv vere med på å finansiere det. De første stykkene blei sett opp i Bergen, i det gamle komediehuset som han kjøpte av Det dramatiske Selskab. Første stykke var Den Vægelsindede av Ludvig Holberg, med premier 2. januar 1850. Johannes Brun hadde sin debut som Henrik i dette stykket. Ole Bull dirigerte sjølv opningsmusikken. Bull klarte ikkje å få Stortinget til å finansiere drifta, og det blei raskt for dyrt. Bull trakk seg derfor ut, og ansatte den unge Henrik Ibsen som teatersjef. Sjølv reiste han til Nord-Amerika, og kom til New York nyårsdagen 1852.

Han var no ikkje berre ute etter å halde konsertar, men ville også skipe ein koloni for norske innvandrarar. Han kjøpte i 1852 omkring 45 000 dekar land i Potter County i det nordre Pennsylvania, og kalla det Oleana. Omkring 300 personar, dei fleste nordmenn, busette seg der. Dei bygde eit hus til Bulle, men han flytta ikkje dit sjølv. I staden reiste han rundt og gav konsertar for å samle pengar til prosjektet. Det viste seg at urskogen i Oleana ikkje var lett å rydde, og det blei dårlige kår for dei som budde der. Dei fleste reiste våren og sumaren 1853 vidare til Wisconsin, der det var betre kår. Bull selde eigedomen i 1853, og fekk de han hadde gjeve for den. Dermed var alle dei andre utlegga han hadde hatt tapt. Det einaste som står at er ein kyrkjegard med ein del norske namn på gravminna, og Ole Bull State Park. I dei norske avisene gjorde redaktørane narr av Ole Bull. Ditmar Meidell skrev ein nidsong, «Oleana», som spreidde seg til heile landet.

Bull turnerte i fem år til i Amerika, og no reiste han heilt til San Francisco. Pengane han tente gav han stort sett bort til alle slags prosjekt. Han oppretta eit operaselskap i New York i 1855, men det gjekk konkurs etter berre nokre veker. Forretningspartnerane hans tente godt på det, men Bull tapte alt han hadde sett inn i selskapet. Han ville også opprette ein pris til beste opera komponert av ein amerikanar, men pengane forsvann. Det var så ille at kona måtte selje eigedomen på Andøya og busetje seg med barna hos vener i Christiania.

I 1856 var han i pionerområda i Midtvesten, der det var mange norske innvandrarar. Her sto han fram som ein bodbringar frå Noreg, og snakka om kampen for sjølvstende. Han kalla seg «Ole Olsen Viol, norsk Nordmand fra Norge». Han spela gjerne variasjonar over norske folketonar og hardingfeleslåttar.

Han kom så attende til Noreg i 1857. Her var det ikkje mange som støtta han. I pressen var det berre Bjørnstjerne Bjørnson som ville forsvare Bull. Avisene skreiv mest om hans eventyr og fiaskoar i Amerika. Bull utnemnde Bjørnson til teatersjef i Bergen, men sjølv ikkje han kunne redde prosjektet. Bull prøvde å gå inn sjølv for å ta att kontroll over teatret, men styret gjorde så hard motstand at han trakk seg. Teatret blei lagt ned i 1863.

Edvard Grieg omkring 1858, då han møtte Ole Bull.
Foto: Marcus Selmer

I 1858 gjorde Bull noko som skulle vise seg å bli særs viktig for norsk musikk. Slekta Grieg var inngifta i Bull-slekta, og Ole Bull ba foreldra til unge Edvard Grieg om å la guten få utvikle sitt talent for musikk. Han sørge for at guten blei sendt til Leipzig for å studere der, og Grieg blei ein av våre største komponistar.

Han prøvde seg på ein ny runde konsertar saman med Myllarguten, men denne gongen blei dei ikkje teke godt imot i Christiania og Bergen. Det var ein ny tid, med ein konflikt mellom by og land som Bull ikkje kjende til. I 1859 var han med på å skipe Det norske Selskab, og han var oppteke av at norsk språk skulle gå framfor dansk. Han ville også skipe eit norsk musikkakademi, men da han kom med forslaget i 1863 førte ryktet om at prosjekta hans var dårleg planlagt til at Stortinget avslo utan nokon skikkeleg debatt.

Bull gav framleis mykje av inntektene frå konsertar til forskjellige saker. Han reiste ut på turne i Skandinavia og på kontinentet. Kritikarane skreiv at han framleis var særs populær, men at han hadde blitt utdatert. Musikken skulle no vere meir kompleks med vekt på harmonikken, medan Bull la vekt på melodi og virtuositet. Operastilen frå 1820- og 1830-åra hadde dei fleste lagt bak seg. Han improviserte, men skrev berre ned to songar etter at han kom heim frå Amerika i 1857.

Han kjøpte gården i Valestrand frå mora i 1858, og ville gjere den til familien sin nye heim. Kona reiste dit om somrane, men ville ikkje bu der på vinteren. I 1862 døydde ho i Christiania medan han var på turne. Han byrja byggje om garden saman med sonen Alexander Bull.

Dei siste åra

I 1867 reiste han på sin tredje turne i Amerika. Borgarkrigen var over, og landet hadde forandra seg. Han turnerte i nordøst og i Midtvesten saman med sonen Alexander og turneleiaren Josiah Turnbull. Sumaren 1868 reiste han attende til Noreg, der garden i Valestrand var ferdig ombygd. Dei neste åra turnerte han i USA om vinteren og var i Norge på sumaren. I 1870 kunne han reise med den nye jernbanen til San Francisco; førre gongen han var der måtte han reise med skip gjennom Panamakanalen.

I Madison i Wisconsin møtte han i 1868 norsk-amerikanaren Rasmus B. Anderson, som fekk Bull til å gje konsertar til inntekt for eit professorat i norsk ved statsuniversitetet i Wisconson. Bull betalte også for at Anderson reiste til Noreg for å kjøpe bøker til universitetsbiblioteket der. Han traff også pianisten Sara Thorp, og ho blei med til Valestrand sumaren 1870. Dei to blei gift hausten 1870 i Madison, og fekk dottera Olea Bull seks månader seinare.

To personligheter Bull møtte i Madison, Wisconsin 1868, snudde opp-ned på hans liv og var den direkte årsak til denne pendlingen mellom Norge og Amerika. Det ene var Rasmus B. Anderson, en smart, ambisiøs norskamerikaner, den andre Sara Thorp, datter av tømmermagnaten og delstatssenatoren Joseph Thorp. Anderson fikk Bull til å gi konserter til inntekt for det første norskprofessoratet i Amerika, ved Wisconsins statsuniversitet. På Bulls bekostning reiste Anderson også til Norge for å kjøpe bøker til biblioteket der. 1873–75 fikk Anderson Bull til å gi sine konsertinntekter til en planlagt Leiv Eiriksson-statue i Boston.

Bull ville ikkje reise til Valestrand med den nye kona, og kjøpte eigedomen LysøenLysøy i Os i Hordaland. Artiktekten Conrad Fredrik von de Lippe teikna eit hus i ein gotisk-arabisk stilblanding, og her budde familien i 1873. Ekteskapet var ikkje greit; Sara var 40 år yngre enn Ole. I 1874 tok dei ut separasjon. Bull reiste til Roma for å vitje Bjørnstjerne Bjørnson. Tidlig i 1875 kom Ole Bull og Sara saman att, men han reiste raskt på turne for å sleppe unna. Han meinte mellom anna at ho var for dominerande. Under den neste turneen endte han i 1876 i Egypt, der han spelte på toppen av Kheopspyramiden. Same året fekk Sara overtalt han til å bli med til USA, og dei busette seg i Cambridge i Massachusetts. Han reiste på turneer, både i USA og Europa. Han møtte i Budapest sin gamle ven Franz Liszt ein siste gong. Dei spelte saman på ein privat konsert, og det skal ikkje ha gått så bra. Dei var kanskje for gamle og sære til å bli einige.

I 1879 spelte han i Noreg, mellom anna med Edvard Grieg på Lofthus i Hardanger. Han dro så attende til USA på nyåret 1880, og på den tida fekk han konstatert at han var kreftsjuk. I mai 1880 hadde han sin siste konsert i Chicago. Han og Sara reiste så til Lysøen, der han døydde i august 1880. Sara spelte ein orgeltranskipsjon av Mozarts Requiem då han døydde.

Han blei gravlagd i Bergen. I gravferda talte mellom anna Edvard Grieg og Bjørnstjerne Bjørnson.

Teatret han skipa i Bergen, som la ned i 1863, vart opna att i 1876 som Den Nationale Scene.

Minne etter Ole Bull

Nedre Ole Bulls plass i Bergen, med Stephan Sinding sin statue av Ole Bull frå 1901.
Foto: Stig Rune Pedersen (2015).

Ein statue av Ole Bull blei reist i parken foran Hotel Norge i Bergen i 1901, og i 1917 fekk parken og plassen der namnet Ole Bulls plass. Den er no delt i Nedre Ole Bulls plass og Øvre Ole Bulls plass. Ein finn Ole Bulls gate og Ole Bulls veg/vei fleire stader i landet.

Heimen på Lysøen blei ståande som minnesmerke over Bull.

Litteratur og kjelder