Osterøy

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Osterøy er ei øy i Hordaland, rett nordaust for Bergen. Det meste av øya tilhøyrar Osterøy kommune, men den nordaustlege delen er del av Vaksdal kommune. Øya er omkransa av Osterfjorden, Sørfjorden og Veafjorden. Arealet er på totalt 330,16 kvadratkilometer, og det er kring 8100 innbyggjarar på øya (2017).

Øya omtalast ofte som Osterøya, men Osterøy er det vedtekne namnet. Det kom eit forslag om Osterøyni, men det fekk avslag.

Det høgste fjellet på Osterøy er Høgafjellet, med topp på 868 moh. Dei høgste fjella og dei brattaste fjordsidene finn ein på austsida, medan den vestre delen er lågare og opnare.

Osterøy fekk vegsamband fyrste gong i 1985 over Kallestadsundet bru i Vaksdal kommune. Denne brua knytta berre ein liten del av vegnettet på øya til fastlandet. Den 3. oktober 1997 opna samferdselsminister Sissel Rønbeck Osterøybrua, og dermed fekk heile øya vegsamband. Brua er ein del av fylkesveg 566 (tidlegare riksveg 566) mellom Kvisti på Osterøy og Herlandsneset aust for Arna, og kryssar Sørfjorden. Det er ei hengebru med hovudspenn på 595 meter, og samla lengde på 1065 meter.

Litteratur og kjelder