Rasmus Stauri

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Rasmus Stauri
Foto: Ukjent

Rasmus Stauri (fødd i Stryn 3. mars 1867, død i Sør-Fron 22. juni 1932) var lærar og folkehøgskulemann. Han grunnla og styrte Gudbrandsdal folkehøgskule frå 1902 fram til han døydde. Gjennom dette skulearbeidet, ved si organisasjonsverksemd, og ikkje minst gjennom eit forfattarskap, vart Stauri ein kjend og respektert person innan folkehøgskule- og norskdomsrørsla både i Noreg og andre land i Norden. Det siste skuldast særleg at Rasmus og Lise Stauri i mange år arrangerte sommarkurs for lærarar både frå Noreg, Sverige, Danmark og Finland.

Omtale fra Olavsfestane i Gudbrandsdalen i 1921, der Stauris kantate blei sunge i fleire kjyrke
Foto: Den 17de Mai 27.07. 1921

Bakgrunn og familie

Han var fødd og oppvaksen på garden Utigard Stauri i Nedstryn sokn. Foreldra var gardbrukarparet Eirik Stauri (1825-1903) og Sigrid fødd Valåker (1827-1909). Rasmus var odelsgut og hadde to systrer. Han fekk skøyte på garden i 1904, men pakta den bort, sidan Stauri da var etablert med skuleverksemda si i Gudbrandsdalen.

Rasmus Stauri gifta seg med Lise Karine Høie i Øystese i Hardanger 1907. Hennar foreldre var folkeskulestyrar Rasmus Høie (1833-1909) og hustru Lise Karine Tronsdotter Tjøstheim (1846-1891)

Rasmus og Lise Stauri fekk fem born:

  • Sigrid (1908-1992), gift med sokneprest Ingvald Skaare.
  • Liv (1909-1981), gift med Herman Solås. (Foreldre til komponisten og musikkmedarbeidar i NRK Eyvind Solås.)
  • Eli (1911-1998), gift med Einar A. Almehagen.
  • Erik Are (1912-1972), gift med Dagny Vedum.
  • Synnøve (1918-2012), gift med Kaare Hernæs.

Utdanning og lærargjerning

Utover folkeskulen fekk Rasmus Stauri to års ungdomsskule hjå soknepresten i Stryn, Eilert P. Juul, 1885-1886. Så vart det lærarskulen på Stord, der Stauri tok lærarprøva i 1888. Han arbeidde deretter som folkeskulelærar i 10 år. Fyrste stillinga var i heimbygda 1888-1890. Frå 1890 til 1894 var han i SkodjeSunnmøre. Deretter var han ei tid i Holt ved Tvedestrand i Aust-Agder, og så i fleire år i Idd i Østfold, fram til 1898.

Medan han gjekk på lærarskulen, las Stauri Christopher Bruuns Folkelige Grundtanker, som gjorde sterkt inntrykk på han. Det sette han på tanken om ei framtid innan folkehøgskulen. I 1892 gjekk han på eit sommarkurs for lærarar ved Bruuns folkehøgskule Vonheim i Gausdal, og fekk også elles nær kontakt med Bruun utover i nittiåra. Da han i 1898 fekk ein personleg førespurnad om å ta til som lærar ved folkehøgskulen som Viggo Ullmann dreiv i Seljord, var det naturleg for Stauri å seie ja til det. Han arbeidde der i fire år til 1902. Det var der han trefte Lise Høie, som seinare skulle bli kona hans.

I to år 1899-1901 utgav Ullmann, Jakob Naadland og Rasmus Stauri Norsk høgskuleblad, ein forløpar til Høgskulebladet som kom ut frå 1904.[1]

Annonse i Dagbladet 21. desember 1910.

Eigen folkehøgskule

Stauri var nå fast bestemt på å starte sin eigen folkehøgskule. Mellom anna på oppmoding frå forfattaren Sven Moren og redaktør Johan FilsethLillehammer fall Stauris stadval ned på Gudbrandsdalen. Stauri såg sin nye skule som eit framhald av tradisjonen etter Christopher Bruuns verksemd på dette feltet, som varte frå Bruun tok til i Sel i 1867 heilt til Vonheim i Gausdal måtte leggjast ned i 1896.

Stauri starta Gudbrandsdal folkehøgskule på Vik i Kvam i Nord-Fron hausten 1902. Skulen heldt hus der til 1915. Da hadde Stauri kjøpt Hundorp gard i Sør-Fron, der Gudbrandsdal folkehøgskule så vart verande fram til skulen vart nedlagd i 1987.

Stauri fekk fleire gonger statsstipend for å gjere studiereiser i Sverige, Danmark, Finland og Tyskland. Han var med å fremje det nordiske fellesskapet også ved å arrangere nordiske sommarkurs for lærarar frå Noreg og grannelanda.

Samfunnsengasjement utanom skulen

Ved sida av den tidkrevjande skuleverksemda si, fann Stauri overskot til innsats også på andre samfunnsområde, som politikar og organisasjonsmann. Han var med i Sør-Fron heradsstyre i 1920-åra, og representerte da Venstre/Arbeidardemokratane. Han sokna visstnok heile tida til den radikale delen av venstrerørsla, og røysta for republikk i 1905. Han vart ikkje sosialist, men gav uttrykk for at han like gjerne heldt festtaler 1. mai som 17. mai.[2]

Som folkehøgskule- og norskdomsmann fall det naturleg for han å engasjere seg i den frilynte ungdomsrørsla. Han var styreleiar i Gudbrandsdal ungdomslag 1903-1909 og fortsatt styremedlem 1910-1923. Han gjekk inn for målreisingsarbeidet (landsmål/nynorsk). Det vart lagt merke til at han som vestlending gjekk inn for å tilpasse nynorsken betre til målføra på Austlandet enn det Ivar Aasen-normalen gav rom for. Han er å finne blant underskrivarane Østlandsk reisning sitt «Opprop om norsk rettskrivning» frå 1917, der dei tala for stor fridom i val av skriftform, ikkje minst med tanke på å fremje folkemålsbruken på Austlandet.

Stauri var også mangeårig leiar for foredragslaget Gudbrandsdal folkeakademi, og var sjølv mykje nytta som foredragshaldar i folkeopplysninga si teneste.

Han var leiar i Noregs høgskulelærarlag 1910-12.

Bibliografi

Rasmus Stauri var ein flittig skribent, og gav ut ei rekkje bøker og skreiv ei mengd artiklar i blad og tidsskrift. Forfattarskapet omfatta m.a. pedagogisk faglitteratur, lærebøker for folkeskulen, historikkar og biografiar knytta til folkehøgskulerørsla, slik nedanståande bibliografi viser.

Kjelder og litteratur

Referansar

  1. Mot rikare mål… s. 179
  2. Rasmus Stauri d.y. i samtale med H.P.Hosar 9.1.2019.