Sven Moren

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sven Moren
Foto: ukjent/kilde

Sven Moren (fødd 24. oktober 1871 i Trysil, død 14. desember 1938 same staden) var forfattar og gardbrukar. Han blir rekna som ein stor heimstaddiktar og naturskildrar, og han var òg sterkt engasjert i målsaka og som ungdomsleiar.

Slekt og familie

Han var son av gardbruker John Svensen Moren (1845–1923) og Hanna Halvorsdatter Buflod (1848–1933). Dei åtte og dreiv garden Mora, der Sven var fødd og budde det meste av livet.

Den 2. januar 1907 vart han gift med Gudrid Breie (1880–1963) frå Ål i Hallingdal. Ho var dotter av gardbrukar Tollef Larsen Skattebøl og Kristi Evjen Noss. Sven og Gudrid Moren fekk fem born: diktaren Halldis Moren Vesaas (1907–1995), Jon (1909-1992) som overtok garden etter foreldra, kunstmålaren Torleiv Moren (1911-2009), folkehøgskulestyrar, forfattar og litteraturkritikar Sigmund Moren (1913–1996), og Sigmund sin tvillingbror Gudmund som døydde i ung alder (1913-1927).

Skulegang og læraryrke

Frå 1889 gjekk Sven Moren på ungdoms- og mellomskule på Elverum, der han hadde mellom anna Olav Andreas Eftestøl, Olav Schulstad og Lars Eskeland som lærarar. Han byrja å skrive i skuleåra, og fekk ros og støtte frå lærarane. Dei første tekstane kom på bokmål, men han vart oppmuntra til å skrive nynorsk, og gjekk over til det. Vinteren 1891/1892 gjekk han på Torpeskulen, starta av Eivind Torp. Då den i 1892 vart ein privat lærarskule heldt han fram der, men han tok ikkje lærareksamen. I staden vart han vikar for ein av lærarane der, og så følge ein vinter som vikar på folkeskulen i Sør-Fron. Med det tok lærarkarriera slutt, og han reiste heim til Trysil og vart gardbrukar.

Gardbrukar og skogeigar

Han overtok garden frå foreldra i 1909. Mora (gnr. 56.2) var ein etter måten stor gard i bygda, med ein betydeleg skogeigedom (6.500 dekar produktiv skog i 1978[1]) Frå gammalt var det både kvern og sag i Hundselbekken ved garden, og både faren, Sven Moren sjølv og deretter sonen Jon åtte og dreiv desse verksemdene sjølve. Sven Moren elektrifiserte både sagbruket og kverna ca. 1925, og turbinen gav i tillegg straum til ein del av grenda rundt Mora.[2] Gudrid Moren overlet garden til sonen Jon i 1939, året etter at Sven Moren gjekk bort.

Diktaren

Vener og forfattarkollegaer. Moren, Johan Falkberget og Oskar Braaten. Udatert
Foto: Dagfinn Grønoset

Den første diktsamlinga, Vers, gav han ut i 1895 med støtte frå skogeigaren Helge Væringsaasen. Dei fleste dikta i den er på bokmål, men det er òg ein bok kalla «Norske dikt» som er på nynorsk. Den neste samlinga hjalp Væringsaasen òg til med; Hildring kom i 1897, og her var alle dikta på nynorsk. Den vart ikkje så godt mottatt, og Sven Moren venta eit kvart hundreår før han gav ut neste samling.

I 1890-åra vart han kjend som heimstaddiktar og folkelivsskildrar. I 1898 kom forteljinga Paa villstraa ut. Der skildrar han ein bondegut med utferdstrong og eit kunstnerisk talent. Det er eit tema han kom attende til fleire gonger, og som har rot i hans eige liv. I Storskogen frå 1904 står heimbygda i fokus i ei forteljing om korleis livet i bondesamfunnet vart endra og gjekk i oppløysning som følgd av kapitalismen. Dette kom han òg attende til i neste bok, Svartelva. Som heimstaddiktar vart han eit viktig forbilde for ein annan kjend diktar frå Trysil, Einar Skjæraasen.

Han drog til København og Tyskland i 1909, etter å ha fått eit reisestipend. Året etter reiste han og kona til Frankrike, Italia og Tyskland, der dei mellom anna møtte fleire norske kunstnarar som hadde slått seg ned i utlandet. Hausten 1910 gav han ut ei samling av skildringar frå skogane med tittelen Aust or markom og barneboka Den store tømmerdrifta. Både i den og i ei seinare barnebok nytta han minne frå sin eigen barndom som inspirasjon.

Norsk bokmannslag vart skipa i 1910 vart Moren skrivar der, og han var leiar frå 1913 til 1916. Frå 1915 til 1928 var han ein av tre representantar frå Norsk bokmannslag i Det litterærer råd i Den norske forfatterforening. Han vart utnemnd til det av regjeringa etter ein strid mellom laget og foreininga.

I sine siste bøker skreiv Moren særleg om konflikta mellom skogsarbeidarane og bønder/skogeigarar. Det er eit tema vi finn i Garden og bygda, Grøndalskongen og Vegaskile. Dei tre siste romanana tar for seg krisetida i skogbygdene. Styrkeprøve reknast som den beste av dei tre; i Riket er ditt var konflikten så tilspissa at Moren ikkje klarte å halde den same avstanden. I sin siste roman, Skuldmennene frå 1934, freista han å stille seg i ein mellomposisjon og sjå uretten på både sider. Mot slutten av livet gav han òg ut Møte og minne, med portrettskildringar av vener og kjende.

I 1930 byrja Norsk bokmannslag å arbeide for at Moren skulle få diktarløna som vart ledig då Olav Aukrust døydde året før. Først i 1936 fekk han diktarlønn, og den hadde han til han døydde to år seinare.

Norskdoms- og ungdomslagsmann

Sven Moren var ein av dei austlandsdiktarane som tidleg nytta nynorsk. Nynorsken hans har eit austlandspreg, og Ivar Kleiven nemnar han blant dei som skreiv «Midlandsmaal».[3]Han var i 1917 ein av dei som skreiv under på «Opprop om norsk rettskrivning» frå Østlandsk reisning.

Han engasjerte seg i den frilynte ungdomsrørsla i Trysil, der Trysil ungdomsforening vart skipa i 1895. Fleire andre lag kom til i dei neste åra. I 1897 tok han initiativ til å skipe Trysil ungdomsforbund, seinare Trysalir, der han var leiar i elleve år. I 1899 vart han så leiar i Noregs ungdomslag, og reiste mykje rundt for å vitje ungdomslaga og å halde foredrag. Det viktigaste for han var då målsaka. Då Austmannalaget vart skipa på Elverum i 1899 var Moren ein av initiativtakarane.

Anna samfunnsengasjement

Sven Moren engasjerte seg i lokalpolitikk, og sat ei tid i heradsstyret og i skulestyret i Trysil. Han var med på å planleggje Trysil bygdetun som opna i 1901, og han arbeidde for å få jernbane til bygda. Han var òg med på arbeidet med å få ei bygdebok for Trysil; den kom ut nokre år etter at Moren døydde, og vart skriven av naboen Eyvind Lillevold.

Sven Morens gateHamar har namn etter han.

Referansar

  1. Norske Gardsbruk, ny serie bd. XIII. Hedmark fylke VI, 1978.
  2. Trysil-boka. Garder og slekter II:643-644,
  3. Kjeldearkiv:1904-11-29 Brev frå Kleiven til Prestgard.

Litteratur og kjelder

  • Sven Moren i Historisk befolkningsregister.
  • Dahle, Johs. A.: Om Sven Moren i Norsk allkunnebok bd. VIII, Fonna forlag, Oslo 1957.
  • Engen, Arnfinn: Sven Moren i Norsk biografisk leksikon.
  • Lillevold, Eyvind: Trysil-boka. Garder og slekter II. Trysilboknemnda 1940.
  • Midttun, Olav: Om Sven Moren i Norsk biografisk leksikon bd. IX, Oslo 1940.
  • Skrede, Magne: «Trysil i norsk diktning» i Lillevold, Eyvind (red.) Trysil-boka. Alminnelig del II. Trysilboknemnda 1964.