Austmannalaget
Austmannalaget er ein målsamskipnad som vart stifta i 1899. I dag (2013) er Austmannalaget fylkeslag i Noregs Mållag for Hedmark og Oppland utanom Valdres. Frå fyrst av arbeidde samskipnaden over store delar av Austlandet. Da Noregs Mållag vart skipa i 1906, inngjekk Austmannalaget som det fyrste fylkeslaget der, og verkeområdet vart altså sidan avgrensa til dei to innlandsfylka. Lokale mållag i distriktet kunne vere direkte tilslutta Austmannalaget, eller via større målringar som Dølaringen.
Skipingsmøtet fann stad på Elverum den 7. januar 1899. Det fyrste styret bestod av O.A. Eftestøl (leiar), Olav Åsmundstad, Ivar Mortensson, Th. Thomassen og Vetle Vislie.
Laget valde i 1921 ei nemnd for å «fyrebu eit landsgymnas for Hamar bispedømme», noko som var det fyrste initiativ som etter kvart førte fram til skipinga av Gudbrandsdal landsgymnas i 1946.
I 1921 oppretta Austmannalaget eit permanent sekretariat, Opplandske målkontor, som var verksamt iallfall til ut på 1960-talet. Ein sentral mann bak dette tiltaket var Jakob Haraldseid, som også hadde vore med blant innbydarane og skiparane av Austmannalaget i 1899.
Leiarar i Austmannalaget
År | Leiar |
---|---|
1996 | Sæbjørn Forberg |
1997 | Kirstine Prestmoen Tallerås |
1998 - 1999 | Arne Skuterud |
2000 - 2002 | Trond Klaape |
2003 - 2004 | Ingen leiar |
2005 - 2007 | Kirstine Prestmoen Tallerås |
2008 - 2011 | Atle Brandsar |
2011 - 2013 | Even Lusæter |
2013 - | Helen Johannessen |
Austmannalaget deler ut to prisar: Austmannaprisen og Dialektprisen.
Liste over prisvinnarar
År | Pris | Prisvinnar |
---|---|---|
2000 | Austmannaprisen | Kirstine Prestmoen Tallerås |
2002 | Dialektprisen | Odvar Nordli |
2003 | Austmannaprisen | Jon Løyland |
2005 | Austmannaprisen | LoMsk |
2005 | Dialektprisen | Per Arne Glorvigen |
2006 | Austmannaprisen | Brita Skre |
2007 | Austmannaprisen | Per Åsmundstad |
2008 | Dialektprisen | Guren Hagen |
2009 | Austmannaprisen | Olaf Nøkleby |
2010 | Austmannaprisen | Magnhild Bruheim |
2013 | Dialektprisen | Narum (band) |
2014 | Austmannaprisen | Fjuken (avis) |
2016 | Autmannaprisen | Jan Terje Faarlund |
2017 | Dialektprisen | Reidar Kjæstad |
2018 | Austmannaprisen | Jens Haugan |
Kjelder og litteratur
- Fjuken, 20. februar 2014: «Austmannaprisen til Fjuken».
- Norsk allkunnebok (1948).
- Kleiva, Turid: «Jakob Haraldseid» på Allkunne
- Wikipedia om Austmannalaget.
|