Brita Skre

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Brita Skre (fødd Gjerdåker 7. april 1923, daud 26. januar 2014 på Elverum) var etnolog, bygdebokforfattar og fylkestingsrepresentant (V).

Utdanning

Brita studerte hjå Voss Folkehøgskole 1940-41 før ho fekk gjekk vidare på Norrønlinja ved Voss landsgymnas i perioden 1942-1945. Etter eksamen flytta ho til Oslo og studerte tysk, norsk og etnologi ved Universitetet i Oslo i perioden 1945-51, som resulterte i Filologisk embetseksamen og magistergrad. i tillegg har ho teke ymse etterutdanningskurs i lokalhistorie, etnologi, fokeopplysingsarbeid og politikk.

Arbeidsliv

Medan ho studerte på universitetet, mellom 1948 og 1949, tok Brita deltidsarbeid som konservator ved Norsk etnologisk gransking (NEG) som vikar for Rigmor Frimannslund som var på studiereise i USA. Der arbeidde Brita mellom anna med å utvikle stikkordskatalog for spørjelistene hjå NEG.

Mellom 1957 og 1987 var ho bygdebokredaktør og bygdebokforfatter for Vaksdal kommune på deltid. 1965 Vaksdal Bygdebok III (sammen med mannen, Ivar Skre). 1974 Vaksdal Bygdebok II. 1981 Vaksdal Bygdebok I. 1987 Vaksdal Bygdebok IV (saman med div. medforfattarar).

Folkeminnesamlar

Som folkeminnesamlar hjå NEG, signerte Brita 4 unike spørjeskjema om ulike tema som omhandlar gjødselstell, gjerder og slaktedyr. Ved hjelp av desse samla ho inn 723 registrerte unike svar som vert tilgjengeleggjort via domenet SAMLA.no.

Verv

Leiar i Stord Venstrekvinnelag 1963-1964.

Elverum Venstrelag 1975.

Hedmark Venstre 1978-1979.

Fylkestingsrepresentant 1980-1987.

Leiar i Gudbrandsdalens Husflidsforening 1970-1971.

Medlem av landsstyret (den 1. kvinnelege) i Landslaget for lokalhistorie 1976-1982.

Styret for Norsk lokalhistorisk institutt.

Kjelder og litteratur

  • Moestue, A og Rosander, G. Spørrelister 1946-1995, Norsk Etnologisk Gransking (1996). ISBN: 82-91161-11-9
  • Moestue, A. Spørre og grave i 50 år. Norsk etnologisk gransking's 50-års jubileum. Stiftelsen Norsk etologisk gransking (1996). ISBN: 82-91161-12-7
  • Prosjekt Runeberg: Hvem er hvem i norsk kulturliv.[1]
  • Brita Skre i Døde 1951 - 2014 fra Digitalarkivet