Rigmor Frimannslund

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Rigmor Modesta Frimannslund Holmsen (fødd 31. januar 1911 i Bergen, daud 28. april 2006 i Bærum) var folkelivsgranskar og pioner i utviklinga av dette som universitetsfag. Ho var også Noreg sin fyrste magister i etnologi.

Familie

Frimannslund var dotter av kapteinløytnant Bernhard Marius Frimannslund (1883-1961) og Anna Sofie Thomassen (1883-1966). I 1961 gifta ho seg med professor Andreas Holmsen (1906-1989) og tok etternamnet hans.[1]

Liv og virke

Ho vaks opp i Bergen og gjekk på Sofie Lindstrøms pikeskule og Bergen katedralskule. Etter examen artium på latinlinja med gresk i 1930, byrja ho å studere norsk filologi, og orienterte seg i både arkeologi, kunsthistorie, etnografi, religionshistorie og samisk. I 1934 vart ho teke opp som folkeminnestudent ved Universitetet i Oslo og fekk studere under Nils Lid. Som fylgje av eit rykte om at tyskarane i 1941 skulle stengje universitetet, leverte ho magisteravhandlinga sjølv om ho ikkje var heilt ferdig. Det resulterte i at Frimannslund vart Noreg sin fyrste magister i etnologi.

I 1946 fekk ho si fyrste faste stilling, som konservator hjå nyskipa Norsk etnologisk gransking ved Norsk Folkemuseum. Der jobba ho fram til ho fekk permisjon i 1953 for å arbeide for gards- og grannesamfunnsundersøkelsen. I 1962 tok ho over leiinga av denne fram til det vart avvikla i 1976.[2]

NEG og Instituttet for sammenlignende kulturforskning ble base for hennes feltstudier, forskning og undervisning. Arbeidet kretset i all hovedsak rundt gårds- og grannesamfunnet i Norge med de mangbølte gårdene på Vestlandet som en spesialitet. Men etter et års studieopphold i Amerika 1948–1949 og atskillige studieturer til bl.a. de britiske atlanterhavsøyene påviste hun også perspektivrike internasjonale sammenhenger innen dette fagfeltet.[3]

Til 100-årsjubileet for Frimannslunds fødsel kom minneskriftet "Studenten som kom før faget"[4], for å hedre henne som den første norske magister i etnologi.

Folkeminnesamleren

Som folkeminnesamlar hjå NEG, signerte Frimannslund 18 unike spørjeskjema og særemne om ulike tema som omhandlar vanlege folk sine daglegliv. Ved hjelp av desse samla ho inn 3487 registrerte unike svar som vert tilgjengeleggjort via domenet SAMLA.no.[5]

I Norsk Folkeminnesamling finnes materiale innsendt av Frimannslund, datert fra 1934 til 1944. Områdene hun samlet inn fra var Hålandsdal, Samnanger, Ål i Hallingdal, Trysil og Øvre Eksingedalen. Hun samlet inn alt fra sagn og eventyr, til skikker om matstell og høytider.

"Svartedauden"

Det var etter svartedauden. Då var det att berre eitt menneskje her i dalen. Det var ei lita gjente på Bergo.

Folk komme om fjelde frå Teigdalen, og då såge dei noko nedpå Bergo. Men då dei kom fram, kunde dei ingenting finna. Men ho hadde smotte på loftet under alleslags rap og gøymt seg. Då dei fann henne, spurde det etter namn, men ho kunde ingenting seia anna enn Ingeri. Men ho var skygg og mannstygg, og difor fekk ho namnet Ingeri Rjupa.

(Informant: Lars J. Nesheim[6], ref: NFS Frimannslund 02, Norsk folkeminnesamling. Ett av flere liknende korte sagn om Svartedauden og Ingeri Rjupa som er innsamlet av Frimannslund.)

Referansar

  1. «Rigmor Holmsen» i Norsk biografisk leksikon
  2. Rogan, B og Eriksen A (red.). Etnologi og folkloristikk. En fagkritisk biografi om norsk kulturhistorie. Novus Forlag (2013) ISBN: 9788270997237
  3. Rigmor Holmsen – Norsk biografisk leksikon (snl.no)
  4. Horgen/Jones/Olsen (red.): Studenten som kom før faget (Detaljer/Details) [Novus AS] (mamutweb.com)
  5. Moestue, A og Rosander, G. Spørrelister 1946-1995, Norsk Etnologisk Gransking (1996). ISBN: 82-91161-11-9
  6. Skavkrakker - Norsk Folkemuseum / DigitaltMuseum

Litteratur og kjelder