Ål kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Ål i Hallingdal»)
Hopp til navigering Hopp til søk
Ål
0619 Aal kommune.png
Basisdata
Kommunenummer 3328
Fylke Buskerud
Kommunesenter Ål
Areal 0  km²
Areal land 0  km²
Areal vann 0  km²
Folketall ukjent kode (2023)
Grunnlagt 1838
Fradeling(er) 36,65 % i 1877 til Hol kommune
Målform Nynorsk
Nettside Nettside

Ål kommune ligg i Hallingdal i Buskerud fylke. Kommunen er frå 1838 og grensar mot Viken-kommunane Hemsedal i nord, Nore og Uvdal i sør, Nesbyen i søraust, Hol i vest og Gol i aust. I tillegg grensar Ål i nordvest mot Lærdal kommune i Vestland fylke. Namnet kjem truleg av norrønt áll, 'stripe, smal renne', og siktar til at bygda ligg i ein trong elvedal.

Ål kommune har vorti delt ein gong, nemleg i 1877, då Hol kommune vart utskilt. Ved delinga fekk Hol kommune 2184 innbyggjarar, mens den attverande Ål kommune hadde 3753 innbyggjarar. Sidan har kommunegrensene vori dei same, med unntak av at det folketomme området Hjallestølen vart overført frå Ål til Hemsedal kommune i 1979.

Kommunen er med i regionrådet Hallingdal regionråd sammen med Flå, Gol, Hemsedal, Hol og Nesbyen.

Torpo stavkyrkje er det eldste ståande bygget i Hallingdal, og er truleg frå sluten av 1100-talet. Den har rike takdekorasjonar frå 1200-talet. Båe Torpo og Ål fekk nye kyrkjer i 1880, båe er trekyrkjer.

Ål bygdemuseum i Øvre Ål med i alt 33 hus har blant anna det intakte tunet på Leksvoll med mellom anna ein tingstue, likeeins eit par våningshus frå 1600-talet.

Mot slutten av 1800-tallet hørte Ål til Ringerike og Hallingdal fogderi i Buskerud amt.

Vassdraga er sterkt utnytta til kraftføremål, men kommuna har få kraftstasjoner innan sine grenser. Ål er ein mellomstor kraftkommune, med ein gjennomsnittleg årsproduksjon på 936 gigawattimer (GWh) per 2016. Det er seks kraftverk i kommunen.

Kjelder

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!