Elevar på jentekurset ved den flyttbare fjellandbruksskulen hausten 1916. Foto: Knut Tomassen Sorteberg/Hemsedal bygdearkiv (1916)
Lien landbruksskole var landbruksskulen for fjellbygdene i Buskerud. Han låg i Torpo i Hallingdal, og vart bygd i 1922 etter eit drygt tiår med flyttbar skule i ulike hallingdals- og numedalsbygder.Tidleg på 1900-talet var det ingen landbruksskule i Buskerud, og ungdomar frå fylket som ville ta landbrukssutdanning, måtte gjera det på skular i andre fylke. I 1910 vedtok Buskerud amtsting (fylkesting frå 1917) at ein skulle setja i gang landbruksutdanning i amtet. Det vart etablert to skular. Den eine skulle vera for flatbygdene og den andre for fjellbygdene. Skulen for flatbygdene vart lagd til Buskerud hovudgard på Modum. For fjellbygdene i Buskerud, dvs. kommunane Nore og Uvdal og Rollag i Numedal og Gol, Hemsedal, Ål og Hol i Hallingdal, vart det etablert ein flyttbar skule med korte kurs på tre månader. Det skulle haldast eigne kurs for jenter der husdyrlære, kjøkenstell og kosthald var viktige fag. Desse kursa skulle gje nyttig kunnskap for framtidige gardkoner. Les mer …
Aagot Noss førebur utstillinga Folk og klede på Norsk Folkemuseum i 1994. Foto: Bjørg Disington/Norsk Folkemuseum (1994) Aagot Noss (fødd 9. oktober 1924 på Ål i Hallingdal, død 5. april 2015 i Oslo) var ein nestor innan folkedraktforskinga her til lands og utmerka seg også internasjonalt. I nesten førti år var ho konservator ved Norsk Folkemuseum, og i desse åra dreiv ho eit omfattande redningsarbeid for folkedraktene og tradisjonane rundt dei. Ho samla, teikna, fotograferte, filma og katalogiserte, men ho presenterte også materialet i talrike artiklar og bøker, foredrag og utstillingar. Få, om nokon, hadde breiare og djupare kunnskap om norske folkedrakter enn ho. Les mer …
Maleri av Abraham Falck Hammer (ukjent kunstner).
Abraham Falck Hammer (født 1781 i Ål, død 3. desember 1837 i Østre Toten) var landhandler og gardbruker på Rogneby i Østre Toten. Tidlig på 1800-tallet var han en av bygdas mest velstående menn. Han ble født i Ål i Hallingdal, som sønn av residerende kapellan Ole Christian Hammer. Familien flytta i 1782 til Tune i Smålena (Østfold), da Ole Christian Hammer ble kapellan der. Faren var født på Gudderudvollen på Toten, der Abraham Hammers farfar, Thomas Hammer, var bygdas første landhandler med kongelig bevilling. Les mer …
Anne Sorteberglien (født 6. februar 1912) bor i Ål i Hallingdal. Hun er mor, «Gommo», oldemor og tippoldemor, med over 100 etterkommere. Da hun fylte 102 år, skreiv Aftenposten at «Tross sin høye alder er jubilanten en klar og oppegående dame, som trives godt på Ål bu- og behandlingssenter». Les mer …
|