Kristi Varaberg (1850–1900)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Kristi Persdotter Varaberg Hove (fødd 22. februar 1850, død 1900) var jordmor i Ål jordmordistrikt. Dessutan gardkone og mor til tolv ungar.

Kristi vaks opp på garden Varaberg, Ål kommune, som den eldste av ti syskjen. Foreldra var Per Halvorsson Ulshagen Varaberg (f. 1825) og Ragnhild Olsdotter Hove (f. 1830). Dei var sjølveigarar. I folketellinga for 1865 er familien oppførd med fem døtrer og tre søner. På garden bur også føderådskona Margit Iversdotter (fødd ca. 1793) og ein ugift losjerande handelskar, Iver Halvorson (fødd ca. 1833).

Jordmoryrket var fyrst tenkt som binæring for gifte kvinner, og dei skulle helst ha født born. Sjølv om Kristi ikkje oppfylte nokon av kriteriane, vedtok kommunen å sende ho på jordmorskule i Kristiania. Her gjekk ho frå 1. mai 1869 til 28. april 1870. I 1872 vart ho tilsett som jordmor i Ål jordmordistrikt, som dette året vart skilt frå Hol jordmordistrikt.

I folketellinga for 1875 står ho busett på heimegarden med foreldra og åtte syskjen, fødde mellom 1853 og 1869, og innerst Birgit Andersdatter (f. 1802), som er i arbeid med spinning og jordbruk.

I 1876 gifte Kristi seg med krøterhandlar Ola Toresson Hove (1848-1942). Dei dreiv garden Nordre Hove i Ål som sjølveigarar. Paret fekk tolv born. I folketellinga for 1891 står Kristi oppført som jordmor og husmor med tre døtrer og fire søner fødd mellom 1877 og 1890. På garden bur også Bergit Knutsdotter (fødd 1826). Om henne står det at ho er ugift, steller huset og lever av kapitalen sin. Kan hende tok ho seg også av ungane når Kristi var ute på jordmoroppdrag.

Kristi Varaberg verka som jordmor i Ål i 26 år.

Kjelder og litteratur