Landgård hotell med Høydalsmo sentrum i bakgrunnen.
Landgård hotell låg i Høydalsmo i Tokke kommune. Hotellet var i drift frå ca. 1920-1972. Alt i 1891 kjøpte Halvor O. Landsverk frå Kviteseid tomta som var utskild frå Nigard Ofte og tok til å byggje her. På 1890-talet blei det lagt fram forskjellige forslag for kvar Bergensbanen skulle leggjast, og eitt av forslaga var å leggje han gjennom Høydalsmo. Om dette var årsaka til at Halvor satte opp bygningen er usikkert, men det er ingen tvil om at den store bygningen vakte oppsikt i samtida. Då ein grosserar Ulrichsen frå Skien farta gjennom bygda då bygningen blei reist i 1890-åra, skal han ha bemerka; «Det var da svært til lang gård!». Dermed blei staden kalla «Langaard». Då sonen til Conrad Langaard, sjefen for Langaards Tobakksfabrikk, ei gong i slutten av 1920-åra kom køyrande forbi og såg skiltet med "Hotel Langaard" hengande på veggen, tok han tak i ein sakførar. Hotelleigar Halvor J. Ofte fekk brev frå ein advokat om at namnet på hotellet måtte endrast. Halvor sette inn ein «d» i namnet, og sidan heitte hotellet «Landgård». Les mer …
Løkjakvenna i Heddal. Foto: I. Flåta Løkjakvenna i Heddal ligger langs Stiviåo og er ei av få bevarte kverner i Telemark. Huset som står der i dag, ble bygd i 1868 av tømmermenn fra Golid i Heddal, men det har stått kverner på tomta i flere hundre år. Løkjakvenna var som ny eid av to brødre bosatt på gårdene Su-Stivi og Su-Løkja, Gregar og Johannes Ellefsen Stivi. Fra tidlig 1900-tallet til slutten av andre verdenskrig var det barnebarn av Gregar, Niri Halvorsen Løkja (1886-1981), som eide og dreiv Kvenna. Les mer …
Frogner herregård. Foto: Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon (1949).
Frogner Småbruksskule låg på den gamle Frogner herregård i Gjerpen kommune og vart starta i 1923. Frogner herregård er blant gardane som vert omtalt i erkebiskop Øystein si jordebok frå 1100-talet. Garden har skifta eigarar fleire gonger. Bygningane vart oppført av Christopher Hansen Blom som kjøpte garden i 1820. Bygningane vart restaurert til skulebruk i 1922.
Opptakten til skulen vart gjort i 1913 av statsminister Gunnar Knudsen. Saman med ordførar Lars Eriksen, stortingsmann Nils Skilbred, bonde Hans Edv. Ballestad og herredssekretær Jakob Myhra vart Frogner kjøpt og overdrege til Gjerpen kommune utan forteneste. Einaste føresetnad var at eigendomen skulle nyttast til småbruksskule. Skulen på Frogner vart den fyrste kommunale småbruksskulen i landet. Les mer …
Aasmund Olavsson Vinje (1818–1870).
Aasmund Olavsson Vinje (født 6. april 1818 i Vinje, død 30. juli 1870 i Gran) var forfattar, diktar og bladmann. For mange er han mest kjent for det han skreiv om norsk natur, særleg om fjellheimen. Dikt som «Blaamann» og «Ved Rundarne» («No ser eg atter slike fjell og dalar») er kjent av eit stort publikum også i dag. Han var også ein samfunnsrefsar og målmann med sterke meiningar, og ein pioner i journalistfaget. Aasmund Olavsson måtte tidleg byrja å arbeide på garden. Gjetarlivet skulle gje mykje stoff til seinare skriving, og han meinte at røynsle frå arbeid- og friluftsliv var vel så viktige som skulegang. Etter konfirmasjonen i 1834 meinte både presten og faren at han burde verta lærar, og han vart send til Kviteseid Seminar. Etter to vintrar der tok han eksamen i 1836, og fekk beste karakter. Han var omgangsskulelærar i to grender i Vinje i åra 1836–1841. Så drog han av stad for å få meir utdanning på Asker Seminar, der han tok eksamen sommaren 1843. Les mer …
Stølen Nordre Tuva i 1916. Birgit Flatåker med borna Margit, Anne, Svein, Georg og Olav. Foto: Ukjend. Eigar: Hol bygdearkiv. Tuva turisthytte ligg på 1186 moh. sør for Tuvenuten, Hol kommune, på den nordaustlege delen av Hardangervidda. Tuva er privateigd og har 20 senger og 20 sovesalsplassar (2015). Både sumar og vinter er ho også serveringsstad for dagsturistar. Det går bilveg heilt fram til hytta på sumarstid og nokre dagar i veka jamvel rutebuss frå Geilo. Turisthytta ligg om lag ti km frå Ustaoset stasjon.
Fram til midten av 1960-talet var det stølsdrift på nordre Tuva, som ligg litt opp i bakken for turisthytta. På eigedomen står i dag (2015) stølsbua frå 1800-talet med stall og ein grunnmur etter fjøset. Ruinar etter ei steinbu, antakeleg brukt som feleger, ligg lenger vest. I området finst også godt bevarte steingjerder kring fem tydelege teigar som ligg voll i voll. Desse har truleg vore brukte i samband med fedrift. Stølshusa og bygga som høyrer til turisthytta ligg i midtre teigen.
I 1763 kjøpte Ola Knutson (1732-1805) frå Fossgard i Ustedalen nordre Tuva. Fem år seinare fekk han bygsel på Halvorsknutplassen, som låg under Åker. Husmannsplassen vart sjøleigarbruk i 1810 og frå omkring 1819 kalla Flatåker (gnr 82, bnr 1). Tuva har sidan vore i Flatåker-gardane sitt eige. Les mer …
|