Vestland fylke

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra Vestland)
Hopp til navigering Hopp til søk
Vestland fylke
Vestland våpen.png
Fylkesnummer 46
Basisdata
Adm.senter Bergen (fylkesadm.) og Hermansverk (fylkesmann)
Areal 33864.28  km²
Andel land 32070.62  km²
Andel vann 1793.66  km²
Folketall 631 594 (2018)

Vestland fylke vart oppretta den 1. januar 2020 då Hordaland og Sogn og Fjordane slo seg saman. Den politiske leiinga og administrasjonen har sete i Bergen, medan fylkesmannen i Vestland sit i Hermansverk.

Samstundes som fylka vart slått saman, vart òg Hornindal kommune i Sogn og Fjordane slått saman med Volda kommune i Møre og Romsdal og overført til det fylket.

Vestland fylke skal ha nynorsk som primært administrasjonsspråk.

Opphavleg var forslaget at fylket skulle heitte Vestlandet. Dette vart fråråda av Språkrådet og andre, sidan landsdelen Vestlandet òg femner Rogaland, Romsdal og Sunnmøre.

Litteratur og kjelder