Vestmar Folkehøgskule i Drangedal. Foto: Ukjend fotograf.
Vestmar Folkehøgskule vart starta i 1909. Skulen låg i Drangedal kommune i Telemark.Fyrste gong drangedølane vart introduserte for tanken om folkehøgskule, var i 1881/1882. Den vinteren hadde Viggo Ullmann vitja bygda og heldt høgskule på garden Fosstveit. Med seg som lærarar hadde han Oddmund Vik og Nils Skaar. Det var m.a. desse som seinare slo ring om Vestmar Folkehøgskule i Drangedal.
Vestmar Folkehøgskule vart starta av Jens Dagestad hausten 1909. Ein hadde lenge snakka om å starte ein folkehøgskule i dei ytre bygdene i Telemark, og våren 1909 gav fylkestinget tilskot til ein slik skule. Skulen fekk statsstøtte frå fyrste året, i tillegg til støtte frå Drangedal kommune. 4. oktober tok skulen til i ungdomshuset Vonheim i Drangedal. Les mer …
Nils Rød køyrde denne bussen med 41 sitjeplassar i 1960. Foto: M. I. Hove, A/S Siljan Bil gjennom 50 år, Skien, 1971
A/S Siljan Bil vart skipa 30. april 1921 i det gamle kommunelokalet på Siljan prestegard. Billaget hadde rute frå Siljan til Skien og omegn.
Under stiftingsmøtet på Siljan prestegard vart det satt ned eit styre for billaget, og fyrste styremøte skulle haldast 1. mai same året. Olaf Næss vart valt til formann, og han fekk også fullmakt til å kjøpe inn bil til laget. Den fyrste bilen laget kjøpte inn var ein fransk «Charron» lastebil. Den hadde tak over lasteplanet og fastmonterte benkar i køyreretninga. Midtgangen vart nytta til varetransport. Prisen på bilen var 18 474 kroner, og ruta gjekk frå Siljan til Skien ei gong til dagen. På sundagar og heilagdagar stod den parkert i garasjen på Hogstad.
I 1926 kjøpte selskapet inn ein seks sylindrar Reo-buss med 50 hk motor og opent karosseri. Bussen hadde 14 sitjeplassar, og prisen var 12 700 kroner.
I 1931 blei garasjen på Hogstad flytt til Torsholtbakkene, og garasjen utvida med plass til tre bilar. Tre år seinare hadde bilparken vokse, slik at ein måtte leige ekstra garasjeplass. Les mer …
Anton Kristensen Ødegaard Anton Kristensen Ødegaard ( 1856 - 1928) grunnla i 1899 Indre Smaalenenes Avis. Han verka også som pastor i metodistkyrkja ei rekkje stader i landet.
A. K. Ødegaard vart fødd i Trøgstad i indre Østfold. Faren Kristen Andersen, som var fødd 1810 i Trøgstad og død 1887, var gift med Anne Fransdatter frå Askim, fødd 1822, død 1881. Kristen var sjølveigande bonde. På garden var det ni stort kveg, fire får, og det vart dyrka kveite, rug, bygg, mykje havre, erter og poteter. Det var ein «Tjenestekarl» og ei «Tjenestepige» på garden i 1865.I 1870-åra vart Anton omvend til metodismen. Han fortalde seinare at han ønskte å bli lege, men faren meinte det var ikkje råd. «Du får vera heime og arbeida med jorda, du som meg», sa faren. Og slik vart det inntil Anton var om lag 30 år gammal. Då reiste han ut som forkynnar, og på sin veg land og strand rundt grunnla han også fleire mindre verksemder. Les mer …
|