Forside:Aust-Telemark

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Østfold • Akershus • Oslo • Hedmark • Oppland • Buskerud • Vestfold • Telemark
Grenland • Aust-Telemark • Vest-Telemark
Notodden •  • Sauherad • Tinn • Hjartdal • Nome

Om Aust-Telemark
Distriktet Aust-Telemark dekkjer den austlege delen av øvre Telemark, det vil seie dei fem kommunane Hjartdal, Midt-Telemark, Nome, Notodden og Tinn. Nome blir i nokre samanhengar rekna med til Grenland.

Aust-Telemark prosti i Den norske kyrkja fell saman med distriktet. Aust-Telemark tingrett er nestan samanfallende, men Nome kommune høyrer til Nedre Telemark tingrett. Næringslivssamarbeid i distriktet er delt: Hjartdal, Notodden og Tinn er med i Kongsbergregionen, medan Bø, Nome og Sauherad er med i Midt-Telemarkrådet.

Distriktet var tidlegare delt mellom to futedømme. Tinn og Hjartdal var del av Øvre Telemarken fogderi, medan dei andre fire kommunane var del av Nedre Telemarken fogderi.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Andreas Aarli.
Foto: Norske skulefolk, 1934
Andreas Aarli (født 1. mars 1891 i Gjøvdal, død 1973) var lærer i Tinn i Telemark.

Han var sønn av Gunhild og Torjus Aarli. Faren var skogsarbeider, og Andreas hadde samme yrke i ungdommen. Andreas Aarli tok lærereksamen i 1915. Fra 1916 var han lærer i kretsen Haukås-Lurås, Tinn i Telemark.

Han hadde flere tillitsverv. Aarli satt i herredsstyret i Tinn og var medlem av helseheimsstyret i bygda.   Les mer …

Forsida til første nummer av Maana, som kom ut 11. august 1917.
Foto: Nasjonalbiblioteket, Oslo
Maana var et ukeblad som ble utgitt på Rjukan, Tinn kommune. Bladet ble utgitt i to perioder, først fra 1917 til 1919, og senere fra 1921 til 1922. Redaktør og hovedbidragsyter var i begge perioder Ludvig B. Aas, som sympatiserte med den syndikalistiske retning innenfor arbeiderbevegelsen. Den syndikalistiske ideologien satte sitt preg på avisa gjennom alle år den ble utgitt, men kanskje særlig i den siste utgivelsesperioden, da ukebladet også offisielt var et organ for den syndikalistiske grupperinga på Rjukan, Rjukan lokale Samorganisasjon. Samtidig var redaktør Aas en mann med brede interesser, som i kombinasjon med en lett, satirisk og underholdende forfatterstil, gjorde at bladet fikk en levende form og stor innholdsmessig bredde. Men den syndikalistiske retningen svant tidlig hen på Rjukan, og allerede høsten 1922 ble avisa lagt ned. Aas utvandret så til Brasil våren 1923, men døde der etter kort tid, 49 år gammel.   Les mer …

Sørensbjørka vart freda 1917. Ho skal ha ruva godt i terrenget, men kunne ikkje stå imot hardvinden ein julidag i 1942.
Foto: Ukjent fotograf/Tinn kommune
Sørensbjørka var eit legendarisk høgt tre som sto i nærleiken av Dugningshaugen i Atrå, Tinn kommune, på prestegarden sin grunn. Treet vart freda ved Kongelig resolusjon 19. januar 1917, men sto støtt enno i 25 år, før det fall under hardvinden sommaren 1942. Bjørka skal på sitt største ha vore omkring 30 meter høg og vel 3 meter i omkrins. Sørensbjørka er også kjent i lokal munnleg tradisjon under namn som Prestebjørka og Rarebjørka. Så vel namnet Sørensbjørka som Prestebjørka peiker attende til treet sitt opphav.   Les mer …

Asbjørn Knutsen
Foto: Frå boka Ljos over Telemark
Asbjørn Knutsen (1842-1917) var lærer, skolestyrer, ordfører, haugianer, skipsreder m.v. Han startet lærerkurs på Notodden og kristen ungdomsskole på Gvarv (Sagavoll folkehøgskole).   Les mer …

E.S.Høyum. Kunstnar ukjent.
Enevold Steenblock Høyum (fødd i Heddal eller Sauherad 15. mai 1775, død i Holla i nåverande Nome kommune 24. januar 1830), var offiser, gardbrukar og eidsvollsmann. Henrik Wergeland skriv følgjande om han at han var «Falsensk i Forsamlingen, men udenfor i Samtaler med Modpartiet mindre krigersk. Man fik saaledes af ham at vide, at de militære havde værre end de andre Repræsentanter ved at være oprigtige i det Punkt»   Les mer …

Knud Gislesen, Asker seminars fyrste og mest markante bestyrar, her avbilda som biskop i Tromsø.
Knud Gislesen (fødd i Hjartdal 29. desember 1801, død i Tromsø 20. mai 1860) var skulemann og teolog. Han var biskop i Tromsø frå 1855 til han døydde. Men hans mest betydelege innsats var innan skulevesenet, mellom anna som den fyrste styraren på Asker seminar, som det blir sagt at han dreiv fram til å bli «det mest anseede i landet og mønster for de andre stiftsseminarier». Gislesen var fødd og oppvaksen på garden Løksli i Hjartdal. Faren, Gisle Knudsen (1771-1852), var gardbrukar og kyrkjesongar frå Rue i same bygda. Mora var Marie Pedersdotter (1758-1848) frå Varlo i Øvre Eiker.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Aust-Telemark
 
Andre artiklar