Prestevegen (Hjartdal)
Prestevegen er ein turveg i fjell- og skogsterreng, førebels mellom Fellessetra i Hjartdal og Hogstul i Tuddal. Turen tek mellom 6 og 8 timar og vart rydda og merka av Hjartdal historielag kring 2010.
Langs vegen er det fleire fine teltplassar – til dømes på Skimyr. Vegen er godt merka med brikker med ein "P". Dessutan er det sett opp omlag 20 namneskilt langs ruta. Terrenget er kupert, og stien, som er rydda går på variert underlag – skogsbotn, myr og steingrunn. Det er mange gode utsiktspunkt langs vegen, men du bør ta turen om Lislefjell, der du i godt vér kan sjå heilt til Tinnegrend og Tunga Gård i Sør-Aust.
Historikk
Etter tradisjonen har soknepresten på sommarstid brukt Prestevegen som ferdselsveg når han tredje kvar søndag skulle til Tuddal for å halde messe. Turen gjekk føre seg på hesteryggen, men truleg har nok presten brukt apostlane sine hestar mange stader. Prestegarden låg tidlegare i Hjartdal, som var hovudsoknet. Turen til Tuddal starta gjerne dagen før, med overnatting i ei enkel jordhytte ein stad langs vegen, kanskje i nærleiken av Tverrbekk eller Hånådalsvatnet.
Viktige namn langs Prestevegen
- Gjuvsmoen: Trafikknutepunkt i gamal tid -vegkryss for mange ferdselsvegar i samband med stulsdrifta. Vidare langs vegen, ved Damtjønn – utsyn mot Gaustatoppen i nordaust.
- Sluta: Stor myr på v. side, tidlegare brukt som omlastingsplass for tømmerlass fra fjellet.
- Løkjestul: Gammal stule.
- Handlinghaugen: I følge Olav Juv møttest Tuddølar og Hjartdølar her for å handle med krøtter og hestar kvar haust. Haugen eller kollen er synleg på god avstand.
- Vatnardammen: Bygd i perioden 1955 – 60, i samband med kraftutbygginga i Hjartdal.
- Lislefjell: Liten avstikkar fra ruta, flott utsyn over Breidvatn og Hjartdalsfjella i Vest og Nord, Lifjellmassivet i Aust. I god sikt ser du heilt til Tinnegrend ved Notodden.
- Stavsro: Sti fra Breidvatn og Skårset møtest her. Fin leirplass. Avstand – omlag 1/3 av vegen fra Fellesetra. Fra Stavetjønn kan du gå stigen ned til Skårset, der det er bilveg til Skorve bru i Sauland.
- Sveinungshovden: Stule
- Skimyr: Fast busetjing i 19. århundre. Seinare stule
- Skimyrvatnet: Avstanden Fellesetra – Skimyr tilsvarar omlag 2/3 av heile turen.
- Prestesteinen: Etter tradisjonen skal presten ha brukt denne steinen som kvileplass.
- Hogstul: Hytteutleige, parkering.
Vidare lesning
Det finst mange opplysningar om busetjing i fjellområdet i Hjartdal og Tuddal sokn, mellom anna kan du lese
- M. B. Landstad, Gamle sagn om Hjartdølene, (ny utgåve ved Hjartdal museumslag, 1985).
- Trygve Nes, Med lokk og lur, stulshistorikk fra Hjartdalsfjella, 1991.
- Hjartdalsoga.