Hjartdal historielag

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hjartdal historielag er eit historielag i Hjartdal kommune i Telemark. Laget vart stifta i 1990, og gir ut Kontaktblad for Hjartdal historielag til medlemane, i tillegg til eiga årbok (sidan 2011).

I 2018 hadde laget 207 medlemar.

Historikk

Hjartdal historielag blei stifta den 15. mars 1990. Det var ei styringsgruppe med Leif Skoje, Hans Skeie og Anne Tone Larsen som denne kvelden la grunnlaget for stiftinga. Styringsgruppa var oppretta våren 1989, og la no fram forslag til vedtekter for eit historielag. Dei verva medlemer og søkte og fekk økonomisk støtte. I 1989 hadde det vore ei stor markering av 150-årsminnet for utvandringa til Amerika. Anne Haugen Wagn og Leif Skoje hadde gjeve ut boka «...for at finde en blidere skjebne», og behovet for eit historielag i Hjartdal meldte seg.

Det fyrste året

På stiftingsmøtet blei Kjetil Fosse valgt til fyrste formann, Jon Bøen som nestformann og Hans Skeie kasserar. Leif Skoje var sekretær, Ingunn Hovde og Ivar T. Dahl styremedlemmer. Historielag hadde 33 medlemmer det fyrste året, og kontingenten var på 30 kr. Den første årsmeldinga fortel at det blei halde 4 styremøte og 30 saker behandla. Det blei arrangert historisk rusletur langs gamle tuddalsvegar og arbeidd jamnt med innsamling og kopiering av historisk materiale til lagets eiga samling. Tre nummer av kontaktbladet kom også ut dette året.

Formenn/leiarar

  • Kjetil Fosse 1990-1994
  • Torkel Hytta 1994-2004
  • Svein Erik Sletta 2004-2008
  • Torkel Hytta 2008-2014
  • Svein Bakkalia 2014-

Aktivitetar

Sidan 1990 har aktiviteten og innhaldet i laget variert mykje:

  • I 1991 tok historielaget initiativ ovenfor kommunen som førte til opprydding i det kommunale arkivet.
  • Laget har vore ein pådrivar i arbeidet med Heddal mølle og har hatt to medlemmar i styret for stiftelsen sidan 1996.
  • Ved fredsjubileet i 1995 gav historielaget, i samarbeid med forfattar Svein Vetle Trae, ut boka «Skriften på veggen». (Sjå Digital versjonNettbiblioteket.)
  • Da Hjartdal og Gransherad sparebank markerte sitt 100-årsjubileum med ein stor USA-tur i 1998, var det historielaget som stod for reiserute, fagleg innhald og guiding. Særleg utvandringshistoria, men også annan amerikansk historie blei formidla.
  • Laget har gjeve økonomisk støtte til fleire lokalhistoriske publikasjonar frå Hjartdal kommune.
  • Historielaget har sørga for opprydding og merking av fleire gamle ferdselsvegar, mellom anna Åsvegen og den gamle stulsvegen mellom Sauland og Slåkja. Eit saulandskart med gamle stadnamn vart gjeve ut i 2009.

25-årsjubileum

Hausten 2015 feira historielaget 25-årsjubileum. Då vart det gjort ære på tre medlemmer som hadde utmerkt seg med særs godt arbeid for laget og lokalhistoria: Ivar T. Dahl, Torkel Hytta og Leif Skoje vart då æresmedlemmer i Hjartdal historielag. Alf Mostue (1911–1998) vart utnemnt i 1997.

Kjelder og litteratur

  • Bakkalia, Svein, «Hjartdal historielag 25 år», i Hjartdal historielag Årbok 2015, Notodden, 2015.
  • Opplysningar frå laget, 2019 (Landslaget for lokalhistorie si lagsundersøking).

Eksterne lenker