Norrøna Fabrikker før 1949. Foto: Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.
Norrøna Fabrikker vart etablert i 1883 og var ein smergel- og brynesteinsfabrikk som dreiv foredling av brynestein og seinare produksjon av kunststein. Fabrikken låg i Porsgrunn.
Grunnlaget for produksjonen ved Norrøna Fabrikker var brynestein frå Eidsborg i Tokke kommune. Brynesteinen blir rekna som den eldste eksportartikkelen i Noreg, og gjennom arkeologiske utgravingar har ein funne brynestein frå Eidsborg på alle dei seks kontinenta. Brynesteinen vart brote og kløyvd til råemne i brynesteinsbrota i Eidsborg og deretter frakta til Dalen og vidare gjennom Telemarkskanalen til Porsgrunn. Fabrikken si verksemd skapte stor aktivitet i Eidsborg. Siste last med brynestein vart frakta til Porsgrunn i 1952. Les mer …
Vestmar Folkehøgskule i Drangedal. Foto: Ukjend fotograf.
Vestmar Folkehøgskule vart starta i 1909. Skulen låg i Drangedal kommune i Telemark.Fyrste gong drangedølane vart introduserte for tanken om folkehøgskule, var i 1881/1882. Den vinteren hadde Viggo Ullmann vitja bygda og heldt høgskule på garden Fosstveit. Med seg som lærarar hadde han Oddmund Vik og Nils Skaar. Det var m.a. desse som seinare slo ring om Vestmar Folkehøgskule i Drangedal.
Vestmar Folkehøgskule vart starta av Jens Dagestad hausten 1909. Ein hadde lenge snakka om å starte ein folkehøgskule i dei ytre bygdene i Telemark, og våren 1909 gav fylkestinget tilskot til ein slik skule. Skulen fekk statsstøtte frå fyrste året, i tillegg til støtte frå Drangedal kommune. 4. oktober tok skulen til i ungdomshuset Vonheim i Drangedal. Les mer …
Nirisrud Pensjonat. Foto: Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4: Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.
Nirisrud Pensjonat blei grunnlagt av Åsne Nirisrud (1876-1949) i 1917. Pensjonatet låg like ved Nisser i Nissedal kommune.
Åsne Nirisrud var innehavaren av pensjonatet. Ho budde på Nirisrud i lag med mannen, Olav Nirisrud. Nirisrud låg fint til ved hovudvegen til Sørlandet. Beliggenheita attmed Nisservatn gav fine bademoglegheiter for gjestene. Det vart samstundes lagt til rette for båt- og fisketurar, samt fjell- og seterturar. Les mer …
Olav Bjaaland hopper i Chamonix i 1909 for Norge og Kviteseid idrottslag. Foto: Ranheim: Norske skiløpere (1957)
Kviteseid idrettslag, KIL, ble stiftet 1904.
Laget ble stiftet etter et opprop som ble sendt til en del embetsfolk og andre som ble omtalt som «bygdas fremste menn». I oppropet stod det følgende: «Opraab til at møde i Kommunelokalet i Kviteseid 22de januar for at danne et skilag for Kviteseid» ; det var bare ski som var aktuell idrett fra starten av. Les mer …
Dårelaupet er en smal renne i fjellet ved Fjågesundstraumen i Kviteseid kommune. Det fortelles at en mann som var dømt fra livet skulle bli fri dersom han kunne komme seg fram og tilbake over renna. Den dagen mannen skulle gå Dårelaup samlet det seg mange tilskuere, deriblant mange jenter. Mannen gikk frem og tilbake og var dermed fri. Men da han fikk se alle jentene sa han: «Ja, no vil eg gange ein gong for dei unge vene drosir, au.» (dros = jente.) Men denne gangen gikk han utfor fjellet og slo seg ihjel. Les mer …
|