Torbjørg Lie

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Torbjørg Lie, fødd i Fyresdal i 1855 og død 1924 i Kviteseid. Torbjørg var frå garden Rinden, gnr. 57 i Åslandsgrend. Foreldra var Jørund Bjørguvson Breiland (1802-1876) og Gunhild Olavsdtr. Øvretveit (1814-1881). Torbjørg var den yngste i ein syskenflokk på 7.

John og Torbjørg Lie med born (ukjent fotograf)

I 1882 vart Torbjørg gift med John Pederson N. Lie (1846-1916) frå Lie nedre, gnr 88/1 i Liegrend i Fyresdal og dei vart buande på Lie. Jon var lærar, diktar og gardmann. Eldste son deira var Håkon Lie (1884-1970) som vart skogforvaltar og forfattar, busett på Lillehammer.

John vart ein velkjend bygdeforfattar og vart mykje lesen, ikkje minst i USA. Mindre kjend er det at Torbjørg skreiv brev til Decorah-Posten i om lag 30 år, i perioden frå fyrst på 1890-talet og til 1920-åra. Eigentleg var det nok John som tok på seg denne jobben, men han hadde nok ikkje tid til å drive med slik korrespondanse og gav difor oppdraget til Torbjørg.

Til å byrje med skreiv ho kladd til breva og så sette Jon dei om til norsk-dansk før dei vart sende til Iowa til trykking. Dei norsk-amerikanske avisene trykte lite på nynorsk. Etter kvart tok Torbjørg over alt arbeidet med breva og utvikla seg til å bli ein sjølvstendig journalist. Ho heldt fram med dette og etter at John døydde i 1916.

Livet var ikkje alltid like lett for henne. John tente ikkje mykje pengar på bøkene sine. Ho har på alle vis støtta lojalt opp under hans skrivargjerning. Men i breva til Decorah Posten gav ho skriftleg form til det ho oppdaga og opplevde i den verda der ho levde. Breva hennar kan difor og stå som døme på kvinnelitteratur i Telemark frå denne tida.

Desse breva frå Vest-Telemark, med sentrum i Fyresdal, utgjer lokalhistorie frå ein 30-års periode. På sett og vis eit motstykke til alle breva som kom frå Midtvesten til Telemark i same tidsrom. Stilen er kan hende lite personleg, men tankane og meiningane hennar slår gjennom i korte glimt. I 1880, då ho var 24 år, reiste ho til Vonheim, Christopher Bruuns folkehøgskule, på kurs. Det ho lærde der fekk mykje å sei for henne seinare då ho kom attende til Fyresdal. Som ektemannen John kom også Torbjørg til å setje spor etter seg i skrift. På gravstøtta hennar ved Veum kyrkje står det at det var venner i Amerika som «reiste steinen 1926». Det var nok helst ein takk frå lesarar av Decorah Posten som i mange år hausta glede og meining frå den faste avisspalta hennar.

I eit parkområde ved Veum kyrkje er det reist eit minnesmerke over Torbjørg og John Lie. På plata under relieffet står:

John Lie 1846 – 1916 Torbjørg Lie f. Rinden 1855 – 1924 Akta på livet som kring deg yrer. Av skapar-tankar det rann. Denne steinen er reist av bygdefolk i Fyresdal 1996

I 1996 kom ei rekkje av Torbjørg sine brev til Decora Posten frå fyrst på 1890-talet til 1920-åra ut som «Sjå deg attyvi», Fyresdal Sogelag sitt årsskrift. Dette er redigera av Øyvind T. Gulliksen som og har skrive eit fyldig forord.

Kjelder