Fyresdal Sogelag
Fyresdal Sogelag er ein bygdehistorisk samskipnad for Fyresdal kommune i Telemark. Laget vart skipa 5. mars 1985, men kom ikkje i gang før etter nytt årsmøte 23. februar 1990. Laget har som mål å arbeide for synleggjering av fornminne og verneverdige gjenstandar, samle inn munnleg og skriftleg kjeldestoff, skipe til turar og hyggekveldar for lagsmedlemer.

Fyrste utgåve av Sjå deg attyvi.
Foto: Olav Momrak-Haugan (2011).
Det vert gjeve ut årsskrift som har namnet Sjå deg attyvi. Det fyrste av desse vart gjeve ut i 1990. I 1992 kom det ikkje ut årsskrift, men sidan har det kome ut årleg. Bøkene er oftast med blanda innhald, men andre gonger tematiske. I 2001 fekk sogelaget i staden for årsskrift til ei ny utgåve av Jon Laurits Qvisling si bok Fyresdals historie.
Årsskrift med hovudtema
- Folkemusikktradisjonar frå Fyresdal. Årsskrift 1995.
- Torbjørg Lie: Brev til «Decorah-Posten» 1890-1922.Red. Øyvind Gulliksen. Årsskrift 1996.
- Samla utgåve av dikt og anna etter Helga Homme. Årsskrift 1998.
- Posten i Fyresdal. Årsskrift 1999.
- Minneskrift over heradskogmeister Einar Stoltenberg del I. Årsskrift 2002.
- Minneskrift over heradskogmeister Einar Stoltenberg del II. Årsskrift 2003.
- Minne om skogsdrift i Fyresdal. Årsskrift 2004.
- Foldsæ - gnr 93 bnr. 1 i Fyresdal kommune. Årsskrift 2005.
- Lars Veum: Husmannsvesenet i Fyresdal. Del av Årsskrift 2007.
- Tema: Avisartiklar frå bygda. Årsskrift 2008.
Kjelder
- Sjå deg attyvi. Fyresdal Sogelag sitt årsskrift 1990.