Runestein på søgard Veum

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Veum gamle kyrkje (Tegning Axel Chr. Arboe, 1847)
Runesteinen på søgard Veum (Fotograf: Usikkert, 1862)

Ved den gamle kyrkjestaden på Veum i Fyresdal var det ein stor haug med ein høg runestein på like ved porten til kyrkjegarden. Kyrkjegard og haug er no sletta. Fleire har omtala denne:

Den runesten som her er avbildet, har stått «paa en nu (1862) noget forstyrret rund gravhaug» tett syd for Veum gamle kirkegaard, i tunet på gården Veum i sognet av samme navn, i Fyresdal herred og prestegjeld. Der stod den da Nicolaysen undersøkte den og likeså da Sophus Bugge ca. 1870 skrev om den. Men i 1892 var den, efter ordlyden i nogen bemerkninger av Bugge å dømme, flyttet derfra, og i 1897 skriver O. Rygh, i forbindelse med en del yderligere oplysninger:

Stenen stod før ved Kirkegaardsporten ved den gamle, for en del Aar siden ned paa Sletten til Øiane flyttede Kirke, - lige i Nærheden af den af Veumgaardene, hvor Stenen nu findes (den første, man kommer til, naar man følger Veien opp til disse Gaarde sydfra). Den benyttedes i sin Tid som Gabestok og har som minde om denne Benyttelse et Hul i øvre Ende, hvori Halsjernet har været fæstet. Vi har fotografier av stenen den tid den stod i gårdstunet. Ved mitt første besøk på Veum (1923) lå stenen – slått i to stykker – under en uthusgavl nordøst i tunet, men i 1937 var den flyttet et stykke bort derfra, og lå således som avbildningen viser.

Runestein på søgard Veum (Fotograf: Usikkert, 1937)

Steinen har vore litt meir enn 2m høg, O. Rygh beskriv den som «en smuk slank Bautasten», og den er hoggen i raudfarga granitt. I september 1950 var den kome til Universitetets Oldsaksamling, Oslo, i sterkt skada tilstand. Ein steinhoggar hadde fart ille med runesteinen, det var ikkje fortald han at den ikkje måtte rørast. Det var hogd av ein del flisar på langs og påførd runene skade. Flisene freista ein å samle opp og finne plassen til. Den har museumsnr. 28327: «Runestein fra sein vikingetid eller tidlig middelalder».

Teksten er tolka til: «Gnúpr reisti stein denna, sunr Torleifs sunar….» «Gnup reiste denne sten, sønn av Torleiv, sønn av …» Namnet Gnup er kjend i Noreg frå mellomalderen og verbet fortel at han reiste steinen, ikkje rista runene. Ein meiner at det ikkje er nokon samanheng mellom steinen og «den noget forstyrrede runde gravhaug» der den kanskje og opphavleg har stått. Steinen er ikkje ein minnestein over ein avdød, då hadde namnet stått, men heller reist i samband med ei viktig hending i ætta. Det ligg sterk ættekjensle i den tilføya farfars namn som dessverre er gått tapt. Det kan til dømes vere sikta til bygginga av den fyrste kyrkja på ættegarden. Veum (á Vidum) er nemnd i den sagnhistoriske Halfs saga, kapittel 2. Dette er av stor interesse då det syner at Veum har vore ein kjend og vyrd storgard i tidleg mellomalder.

Johan Michael Lund skriv i 1785: «I Syd fra Kirken er en stor Kæmpe Høi.» Presten Wille skriv i 1786: «Ved Veum Kirke findes tvende Stene med Runeskrift.» Den eine er denne runesteinen, den andre er liksteinen etter Peter Prest. Det er og ein gapestokk frå Veum gamle kyrkje, denne er ikkje nemnd av kjeldene. Olav Momrak-Haugan trur ikkje at den høge runesteinen har vore nytta til gapestokk når ein på staden har hatt ein stein egna til dette bruk.

I Fyresdal Gards- og ættesoge, bind III, skriv Steinar Marvik at Olav Talleivson Veum (1833-1907) kom frå S. Lauvik i Skafså. Han står oppførd som gardeigar 1865-1907. Liksteinen må ha blitt lagt inn i uthusmuren ein gong mellom 1870 og 1888 etter det som er nemnd ovanfor. Truleg vart det ein del nybygging då det kom ny eigar til garden?

Gapestokk frå Veum gamle kyrkjegard (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2010)

Den nye Veum kyrkje vart bygd i 1863. Runesteinen må ha blitt flytta frå sin opphavlege plass mellom 1870 og 1892. Det er rimeleg å tru at den då brakk i to, det vert seinare nemnd to stykke, noko som og går fram av biletet. Truleg har dette blitt gjort for å skaffe høveleg plass til ny uthusbygning og den gamle kyrkjegarden er forsvunne i same prosessen.

Kjelder

  • Utrykte optegnelser om Thelemarken af H. J. Wille. Udgivne i Uddrag af DR. LUDVIG DAAE. Kristiania 1881. (Reisa byrja 1786.)
  • Olsen, Magnus: «Norges innskrifter med de yngre runer.» utgjeve for Kjeldeskriftfondet med hjelp i forarbeider av Sophus Bugge, Oluf Rygh og Ingvald Undset. Oslo 1951.
  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal 1992
  • Qvisling, J. L.: Fyresdals historie Skien 1912
  • Prokurator Johan Michael Lund: Forsøg til Beskrivelse over Øvre Tellemarken Kjøb.1785