Veum skule

Veum skule i Fyresdal kommune vart bygd 1910. Nedlagd som skule 1997 og vart rive 31. mai 2011.

Veum skulehus (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2007)
Veum skule under riving 31. mai 2011 (Foto: Olav Momrak-Haugan, 2011)

I Fyresdal kommune er der ei lang rekke skulehus med varierande utforming avhengig av perioden dei vart bygd i og talet på skuleelevar. Veum skulehus er det einaste her som er av sin type. Huset er bygd med to fulle høgder. I fyrste høgda er det to skulesalar, i andre høgda er det eit skulerom og eit husvere for læraren. I båe høgdene er det lange gangar på eine sida. I eine enden er det bygd eit større moderne grendehus som er ein del nytta.

Då huset vart rive og ytterkledninga vart teke vekk, kom konstruksjonen tydeleg fram. Dette skulehuset var bygd med plankelaft og er heilt likt tilsvarande bygg levert av Strømmen Trævarefabrikk i denne tidsperioden. Det vart nok produsert som eit av dei mange "Ferdig complete Huse" som vart levera til store delar av Europa, og enno lengre unna. Fleire store sendingar med vindaugo og dørar veit ein kom til Fyresdal frå Strømmen via kanalen til Bandaksli. Gimle gamle skule var av same type.

Husveret i andre høgda har i lang tid vore leigd ut, er det ikkje i 2011. Etter at skulen vart nedlagd i 1997 har det vore lite bruk av huset. Der har i mellomtida vore minimal lekkasje på eit bad. Det var tanken å rive skulehuset i kulturminneåret 2009, men dette vart det ikkje noko av. I 2010 rokk Veum skule å bli 100 år. 31. mai 2011 vart så ei stolt skulesoge endeleg avslutta med riving av eit sentralt bygg på skule- og kyrkjestaden Øyane.

Kjelde

  • Skulen i Fyresdal i 250 år 1739–1989. Fyresdal skulestyre, 1989.