Bendik Taraldlien

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
thumb
Foto: Bendik Taraldlien (ukjent fotograf).

Bendik Kjetilson Taraldlien (1863-1951), fødd i Fyresdal og død same stad, var gardbrukar, skogbrukar, sogeskrivar og fotograf. Garden er Taraldlien Gnr. 45 og foreldra var Kjetil Bendikson Taraldlien (1834-1900) og Ingebjørg Gunleiksdotter Slystøyl (1832-1901).

Mykje av æra for at Fyresdal tidleg var i forkant av utviklinga innan skogbruket kan tilskrivast han. Han fekk utdanning ved «Den høiere landbruksskole i Aas» og var lærar på landbruksskulen på Søve i Telemark til han tok over farsgarden i 1897.

Barn som går på ski ved garden Taraldlien.

Med omsyn til skogbruk vart han formann for Bratsberg Amts Skogselskap (seinare Telemark Skogselskap) då dette vart stifta 9. mars 1900. Han var og formann i eit lokalt skogeigarlag som då heitte Fyri Skogeigarlag, og hadde slik stor påverknadskraft i skogspørsmål. Han reiste mykje rundt for å fremje skogsaka og i 1916 skreiv han ein artikkel «Privatskogen av B. Taraldlien». Han var medlem i heradstyret i Fyresdal i 25 år og formann i forstandarskapet i Fyresdal sparebank i 43 år. Han var sterkt samfunnsengasjert og skreiv ei rekke artiklar og bøker.

På eit årsmøte i «Fyresdals Vel» 9. mars 1909 vart det etter framlegg frå han sett ned ei nemnd som skulle ta opp arbeidet med å få til eit bygdemuseum for Fyresdal. Dette var oppstarten til Fyresdal Bygdemuseum.

Han var tidleg ute med å skrive ei bygdebok. Fyrst kom

Fyresdal. Med bilæte. Fyrste utgåve 1910. Alb. Cammermeyers forlag. Kristiania.

Og så eit vidare arbeid:

Fyresdal. Andre utgåva 1949. Alb. Cammermeyers forlag. Oslo.

Han skreiv:

  • Telemark: Gamal og ny tid. 1930
  • Livs-lagnad. 1926
  • Fraa gard og heid. Skildring fraa Telemark. 1924

Som fotograf var han sers aktiv og tok ei rekkje fotografi av stader, bygningar og ikkje minst av situasjonar i det daglege folkelivet i Fyresdal. Han hadde med seg fotografiapparatet over alt i kvardagen, og har late etter seg ein samling som er nærast unik då han viser alle sider av bygdelivet i tiåra etter sekelskiftet, som arbeid i skogen og på stølen, fløyting, folkemøte og samankomster. Glasplatesamlinga er i 2011 trygt oppbevara på Telemark Museum og vert vonleg etter kvart tilgjengeleg på Digitalt Museum.

Kjelder

  • Marvik, Steinar: Fyresdal. Gards- og ættesoge. Fyresdal kommune 1992
  • Veum, Lars: Fyresdal Bygdemuseum gjennom 100 år. Fyresdal Bygdemuseum 2009
  • Veum, Lars: Eit hundreår med skogbruk i Fyresdal. Fyresdal skogeigarlag 1911-2011
  • Erlandsen, Roger: Norske fotosamlinger. Utg. Ad Notam. Oslo. 1989. Digital versjonNettbiblioteket
  • Gardåsen, Tor Kjetil: Den store telemarksboka, 1990
  • Telemark arbeiderblad 05.07.1982, 08.11.1990 og 17.12.1990
  • Aune, Anne: Tre fotografar i Fyresdal 1900-1940. Brosjyre laga til ei utstilling ved Fyresdal bygdemuseum 2004.
  • Bendik Taraldlien i Preus museums register over norske fotografer.
  • Bendik Taraldlien på Digitalt museum.
  • Bendik Taraldlien på KulturNav

EKsterne lenker