Tokke kommune
Tokke | |
---|---|
Basisdata | |
Kommunenummer | 3824 |
Fylke | Telemark |
Kommunesenter | Dalen |
Areal | 906.91 km² |
Areal land | 906.91 km² |
Areal vatn | 0 km² |
Folketal | 2 198 (2023) |
Målform | Nynorsk |
Nettside | Nettside |
Tokke kommune i Telemark fylke ligg i enden av Telemarkskanalen, vest i fylket, og grensar til kommunane Vinje, Kviteseid kommune, Seljord, Fyresdal, Valle og Bykle. Høgaste punkt er Urdenosi, 1520 moh.
Tokke har lange tradisjonar med eksport av brynestein heilt tilbake til vikingtida. Bygda er frå gammalt av eit bjørneområde, og derfor har kommunevåpenet bilete av ein bjørn.
Gruvedrift vart drive på Åmdals Verk fram til 1945. Gruvedrift i området starta allereie i 1540, og gjekk føre seg i over 400 år. Koppermalmleia på Åmdals Verk vart funne i 1689.
Tokke er ein kommune med store vasskraftressursar. Aust for Dalen, ved Bandak, ligg Tokke kraftverk som er eigd av Statkraft.
I Eidsborg ligg ein av Vest-Telemark museum sine avdelingar der ein mellom anna finn den vakre Eidsborg stavkyrkje.
Kjende personar frå Tokke kommune
- Eivind Groven (1901-1977), musikar og komponist
- Anne Grimdalen (1899-1961). billedhogger
- Vetle Vislie (1858-1933), forfatter og skolemann.
Sjå òg
- Gardar i Tokke
- Mo kyrkje er frå 1839.
- Elva Tokke mellom Åmot i Vinje og Bandak i Tokke kommune.
- Innsjøen Toke i Drangedal kommune.
- Vegar i Tokke kommune
Kilder og litteratur
Denne artikkelen er heilt eller delvis basert på artikkelen «Tokke kommune» frå Nynorsk Wikipedia og kan kopierast, distribuerast og/eller endrast slik det er oppsett i lisenstekst for cc-by-sa 3.0. For ei liste over bidragsytarar til den opphavlege artikkelen, sjå endringshistorikk knytt til den opphavlege artikkelen. For ei liste over bidragsytarar til denne versjonen, sjå endringshistorikk knytt til denne sida. Artikkelen bør gjennomgåast for å tilpasse innhald og vinkling til lokalhistoriewiki.no. Sjå Hjelp:Skilnader frå Wikipedia for meir informasjon. |