Forside:Vinje kommune

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • (Distrikt: Grenland • Aust-Telemark • Vest-Telemark) • Vestfold • Østfold
KOMMUNE: Bamble • Drangedal • Fyresdal • Hjartdal • Kragerø • Kviteseid • Midt-Telemark • Nissedal • Nome • Notodden • Porsgrunn • Seljord • Siljan • Skien • Tinn • Tokke • Vinje

Om Vinje kommune
0834 Vinje komm.png
Vinje kommune er ein kommune i Telemark fylke. I 1964 vart dåverande Vinje kommune slegen saman med Rauland kommune. Vinje kommune ligg øvst i Telemark og strekkjer seg langt inn i Hardangervidda nasjonalpark.

I utstrekning er kommunen den største i Telemark fylke, og grensar i vest til Suldal i Rogaland, Ullensvang i Vestland, i nord til Nore og Uvdal i Buskerud, i aust til Tinn og Seljord i Telemark, og sør tilsvarande mot Tokke i Telemark og Bykle i Agder. Vinje er slik den einaste kommunen i Noreg med grense mot fire fylke.

Den kjende vintersportsstaden Rauland ligg i Vinje kommune og trekkjer til seg mange turistar om vinteren. Vinje er ein kommune med mykje vasskraft. Fleire kulturpersonar har tilknyting til Vinje. I Vinje finst det faste kunstgalleri. Rauland akademi er eit senter for handverk og folkemusikk.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Inntrykk og tanker på julereisen hjem i 1927.Overfylt tog ut fra Oslo vestbanestasjon, masse julegjester på veg hjem til sine. Jeg plasserte kofferten min borte i en krok, og tok plass på den. Så satte toget seg i bevegelse. Langt borte over åsene i vest, kastet dagen sitt første lysskjær, mens vi kjørte forbi alle de kjente, små stasjonene utover til Sandvika. Her kommer dagen, brytende den mørke natten. En blank vinterdag med kulde ser det ut til å bli. I kupeen ved siden av har noen tatt frem en reisegrammofon, mens skjess og valser skiftes annen hver gang. Lenger borte står noen og tar juledrammen, mens i et annen hjørne står et forelsket par og småprater. Det er kanskje første juleturen de har sammen?

Jeg skulle treffe en Skiensgutt på toget, men har ennå ikke sett noe til ham. Får se på Drammen stasjon, så han får de magasinene jeg har tatt med til ham. Stakkar, det er ikke godt å være arbeidsløs, især en julaften. Jeg liker meg dog best alene. Sitte her å se på folkelivet. Det er ikke alltid man liker å prate, aller minst på veg hjem en julekvell.

"Drammen stasjon. Åtte minutter!" Konduktørens rop lyder så selvsikkert, i motsetning til alle de nervøse, påtrengende passasjerer som skal av. Jeg lister meg ut, og i fullt firsprang til restauranten. ½ øl smaker godt, mens jeg ser meg rundt etter kjente. Det er ingen å se. Begriper ikke hvor Nilsen er, kan ikke finne ham, selv om jeg går langs hele vognrekken, speidende, hutrer og fryser.
Aa i Høydalsmo.
Foto: Jørgen Høydalsmoen (1927) / Vest-Telemark Museum / VTM/A-1026
  Les mer …

Kviteseid Bygdetun
Foto: Vidar Iversen / Wikimedia Commons
Kviteseid Bygdetun er eit av dei eldste musea i landet og vart etablert allereie i 1907. Bygdetunet formidlar tolv ulike bygningar som er flytta hit frå ulike gardar. Blandt desse høyrer Tveitoloftet frå før svartedauden og Flekstveitstoga. I Utsondhalli vert bilethoggaren Gunnar Utsond presentert, i tillegg til skiftande utstillingar. I dag er bygdetunet ein del av konsolideringa i Vest-Telemark Museum.   Les mer …

Knut H. Gunvaldjord sin assorterte landhandel.
Foto: Johs. Sætherskar, Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.

Knut H. Gunvaldjords Landhandel låg i Edland i Vinje kommune. Forretninga vart starta i 1936.

Innehavaren av landhandelen var Knut H. Gunvaldjord. Forretninga var ein assortert landhandel med utval i kolonial, mjøl, brød, manufaktur, skotøy, jernvarer, feitevarer, malervarer, forstoff m.m. Forretning heldt til på eiga eigendom. Verksemda omfatta også ei engrosforretning med geiteost. Gunvaldjord dreiv i tillegg lastebiltransport og gardsbruk.   Les mer …

Vinje Sparebank.

Vinje Sparebank i Vinje i Telemark vart stifta i 1909. Det fyrste vedtaket som vedkjem Vinje Sparebank, vart gjort i eit møte i Vinje heradstyre i 1909. Banken skulle vere til meir "ålment gagn" enn privatbanken. Forstandarskapet i banken møttes fyrste gong i februar 1910. Bjørn Lofthus vart vald som formann, og styremedlemer vart Halvor Sandok, Bjørn Fetveit og Aasmund Jamsgard. Margit Fetveit vart tilsett som kasserar. I byrjinga hadde ho heimekontor, men frå 1919 vart det faste kontordagar på Breihjot. Etter kvart blei det halde kontordagar fleire stader i kommunen. I 1920 vart Eivind Vesaas tilsett som kasserar og han fekk ein svært sentral plass i banken si soge.

  Les mer …

Aanond Aanondsen
Foto: Norske skolefolk (1952)
Aanond Aanondsen (født 28. april 1894 i Rauland, død 26. juni 1957) var lærer og underoffiser.

Han var sønn av kunstmaler og billedhogger Sveinung Aanondsen og Anna Gilberte Chrystie Zachariassen. Familien flytta på slutten av 1890-tallet til Kristiania, der sønnen Aanond vokste opp. I 1900 bodde de i Kirkeveien 56e, men før 1910 bosatte de seg litt utafor byen, i Sørkedalen. Aanond Aanonsen tok middelskole- og underoffiserseksamen før han ble uteksaminert fra Oslo lærerskole i 1929.

Som nyutdanna ble han i 1929 ansatt som lærer i Skien. Også søstera Anne-Marie Aanondsen arbeidde i Skien-skolen.   Les mer …

John Rongved

John Rongved (fødd 26. november 1885 i Haus, død 26. november 1950 i Eidskog) var son av lensmann Magne Johnsen Rongved og Brita Johnsdotter. Han gifte seg 2. mai 1916 i Rauland, der kona Aasne f. Kostveit (1895-1992) kom frå. Rongved vart student i 1909 og cand.theol. ved Menighetsfakultetet i 1914, og i juni 1915 vart han utnemnd til stiftskapellan i Agder bispedøme.

Den 5. mai 1916 vart han utnemnd til sokneprest i Jostedalen, og han vart innsett i embetet 30. juli. Då han tok over som skulestyreformann i Jostedalen, vart han den fyrste presten som førte møteboka på nynorsk (sjå Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen).

Han forlet Jostedalen 30. juni 1920 etter å ha vorte utnemnd til sokneprest i Vossestrand 16. april. I 1925 vart han sokneprest i Vinje i Telemark og i 1931 prost i Vest-Telemark. I 1934 vart han så prost i Eidskog og i 1938 prost i Vinger og Odal, og i 1945 fekk han avskil.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Vinje kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar