Vinje Hotell (Vinje)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Vinje Hotell, 1945-1960.
Foto: Ukjend / "Telemarken. Vinje Hotell. Åmot"
Nasjonalbiblioteket
Vinje Hotell i Åmot ei gong før 1949.

Vinje Hotell blei starta i 1938 av Arne og Åsne Vaagen. Hotellet låg i Åmot i Vinje kommune.

Hotellet tok i mot faste og gjennomreisande gjester. Det hadde 20 gjestesenger med paradismadrasser. Her fanst elektrisk ljos, sentralvarme og varmt og kaldt vatn på alle rom i 1940-åra. Det kringliggjande terrenget gav moglegheit for både jakt og fiske. Frå Åmot hadde ein også dagleg bussforbindelse med Haugesund, Odda, Dalen, Rjukan, Skien og Oslo.

Kjelder

  • Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.